SA591 Arbeidslivsretta sosiologi
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet består av eit førebuande seminar som blir gjennomført ved høgskulen, eit praksisopphald og eit etterarbeid som inneber ein munnleg presentasjon og skriving av praksisrapport.
Praksisopphaldet kan ha fleire føremål. Studenten får høve til å bruke og utvikle sin faglege kunnskap på ein relevant arbeidsplass. Gjennom praktiske oppgåver, samarbeid og rettleiing skal studenten få høve til å erfare korleis det er å arbeide i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidige yrkesrolle. Her vil føremålet vere trening i relevant yrkesutøving. Opphaldet skal også nyttast som grunnlag og inspirasjon for å utvikle sosiologiske problemstillingar knytt til arbeidslivet, og som studenten kan følgje vidare opp i seinare studiar (bachelor- eller masteroppgåve). I dette tilfellet vil opphaldet også gjere nytte som førebuing til forskingsarbeid innanfor eksempelvis arbeids-, organisasjons-, eller økonomisk sosiologi.
Studenten skal delta i arbeidsoppgåver som både er tilpassa arbeidsgjevar sitt behov og den faglege kompetansen som studenten representerer. Arbeidsoppgåvene skal konkretiserast mellom studenten og den einskilde arbeidsgjevar før oppstart. Emnet har eit samarbeid om praksis med ei rekkje praksisverksemder, nokre av desse har krav om politiattest.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført praksisemne skal studenten ha kunnskap om:
- Korleis ein kan kombinere og nytte teoretisk og erfaringsbasert kunnskap i arbeidslivet
- Korleis arbeidsgjevar organiserer og gjennomfører arbeidsoppgåver
Ferdigheiter
Etter fullført praksisemne skal studenten kunne:
- Bruke fagkunnskap, ferdigheter og generell kunnskap frå studiet i ein yrkessituasjon
- Bruke erfaring og teoretisk kunnskap til å gjennomføre ein munnleg presentasjon
- Reflektere over praksisplassen sosialt og organisatorisk
- Finne, vurdere og vise til innovasjonsprosessar på arbeidsplassen
Generell kompetanse
Etter fullført praksisemne skal studenten kunne:
- Bidra til utvikling av god praksis med utgangspunkt i fagleg kunnskap
- Utveksle synspunkt og erfaringar om eiga rolle som yrkesutøvar og arbeidstakar
- Overføre lærdom frå praksisperioden til andre arbeidssamanhengar
- Granske, problematisere og vurdere sosiologisk relevante forhold på en arbeidsplass
- Planlegga og gjennomføra mindre og større arbeidsoppgåver, både åleine og i samarbeid med andre
Krav til forkunnskapar
Minimum 30 studiepoeng i sosiologi.
Tilrådde forkunnskapar
SA592 Arbeidssosiologi med metode
Undervisnings- og læringsformer
Seminar, opphald ved ein fagleg relevant arbeidsplass, munnleg framføring, skriftleg rapport.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten må ha fullført følgjande arbeidskrav:
- Deltaking på oppstartseminar. Munnleg framlegg om praksisplassen (godkjend/ ikkje godkjend)
- Praksisperiode i sju veker (godkjend/ ikkje godkjend)
- Ei munnleg framføring om gjennomført praksis (godkjend/ ikkje godkjend)
Alle tre arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Oppgåve. Individuell skriftleg innlevering (praksisrapport).
Omfang: 4000 ord.
Vurdering: Greidd/ ikkje greidd
Ved ikkje greidd kan praksisrapporten leverast på nytt i redigert form påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel