Hopp til innhald

SA609 Historie fordjuping: Amerikansk politikk i historisk perspektiv

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg amerikansk politikk, institusjonar, val og valåtferd i eit historisk perspektiv. Det vert lagt vekt på å forstå det amerikanske politiske systemet grunnlagt på 1700-talet, og korleis dette systemet har vorte tilpassa nye tilhøve med åra. Mykje merksemd vert også vigd dei politiske partia og skiftande mønster i veljaranes identitet og åtferd, og dessutan den politiske kulturens utvikling over tid.

Emnet er oppbygd kronologisk, men dei historiske temaa vil sjåast i samanheng med dagsaktuelle hendingar, særleg i valår. Det vert også nytta statsvitskapleg litteratur der det er relevant.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Studenten...

  • har brei kunnskap om det amerikanske forfatningssystemet og korleis rollene til presidenten, Kongressen, Høgsterett, og delstatane har utvikla seg over tid
  • kan greie ut om utviklinga av amerikanske politiske parti og mønster i valåtferd og deltaking over tid
  • har kunnskap om korleis ulike grupper i det amerikanske samfunnet har forma den politiske kulturen over tid

Ferdigheiter

Studenten kan…

  • sjå samanheng mellom historiske utviklingstrekk og hendingar i notida
  • orientere seg i forskingsfronten, forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • bruke digitale verktøy til å hente kunnskap frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar

Generell kompetanse

Studenten kan…

  • skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
  • ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen (sjå tilrådde forkunnskapar)

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel