Hopp til innhald

SAB210 Rus og psykisk helse

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i arbeidet med personar med samansette vanskar med vekt på rus, avhengigheit, psykiske vanskar og helseutfordringar. 

Studentane skal ha forståing for dei komplekse og kontekstuelle rammene problema er vevde inn i, både på individ,- gruppe, system -og samfunnsnivå. Vidare skal dei ha kunnskap om korleis samfunnet sitt syn på menneske med samansette vanskar kan føre til marginalisering og utanforskap.

Dei skal ha ferdigheiter i å samhandle med personar med samansette vanskar og deira pårørande, kunne samarbeide og legge til rette for tverrfagleg samarbeid og ha kunnskap om arbeidsmetodikk og kommunikasjon i utfordrande situasjonar. Det vert òg lagt vekt på kritisk refleksjon, etisk refleksjon og korleis sikre deltaking og medverknad.

Studentane skal ha kunnskap om tvangsvedtak i velferdsretten, lov om kommunale helse- og omsorgstenester og individuell plan.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om sentrale problemområde som rus og avhengigheit, psykiske vanskar, og andre forhold som kan medverke til marginalisering og utanforskap.
  • har kunnskap om korleis helsemessige, sosiale og sosioøkonomiske utfordringar har konsekvensar for den enkelte, og om barn som pårørande.
  • har kunnskap om helseutfordringar og kriser, mellom anna knytt til sjølvmord og sorg, og forstår samspelet mellom helseutfordringar og sosiale problem på individ-, familie-, system og samfunnsnivå.
  • har kunnskap om tvangsvedtak i velferdsretten, lov om kommunale helse- og omsorgstenester og individuell plan.
  • har kunnskap om relevante helse- og velferdstenester for personar med samansette problem, samt korleis dei aktuelle velferdstenestene er organisert.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan bruke fagleg kunnskap om sosiale problem, overgangar og livskriser for å fremje meistring og endring i samarbeid med enkeltpersonar, familiar, grupper og samarbeidspartnarar.
  • kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i samtalar, rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid .
  • kan bruke fagleg kunnskap for å identifisere ressursar og gi hjelp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar.
  • kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøvinga.
  • kan bruke rettsreglar, opplyse om rettigheiter og plikter og utøve juridisk og sosialfagleg skjønn.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i etiske problemstilling og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med menneske.
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over den profesjonelle rolla si.
  • kunne vurdere og sette inn relevante tiltak i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar.
  • kjenner til korleis planlegge, gjennomføre og leia koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå.
  • kan reflektere over risiko og hvordan håndtere konflikter og redusere faren for uønskede hendelser og kjenner til metoder for å følge opp dette systematisk

Krav til forkunnskapar

Følgjande emne må vere greidd:​

  • SAB110 Danning og akademisk handverk
  • SAB120 Sosialt arbeid som fag og profesjon 
  • SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
  • SABP1 Sosialt arbeids praksis 1. studieår

Tilrådde forkunnskapar

SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstenestene og SABP1 Sosialt arbeids praksis

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet er det ei veksling mellom undervisning i klasserom, digital undervisning, seminar og studentaktive læringsformer.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Gruppearbeid med framlegg i klassen.
  • Deltaking i ferdigheitstrening.

Godkjente læringsaktivitetar er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen
3 dager individuell skriftlig heimeeksamen. Omfang på 2000 ord +/- 10 %.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk 
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.

Ny eksamen 
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillat.

Meir om hjelpemiddel