Hopp til innhald

SAB320 Refleksjon over fag og yrke

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet skal studentane fordjupe seg i ulike teoretiske perspektiv i sosialt arbeid. Studentane skal sjå dette i samanheng med vitskapsteoretiske posisjonar. Kunnskapen skal brukast i refleksjon og diskusjon om sosialt arbeid som fag og yrke, knytt til dagsaktuelle problemstillingar i faget.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om makt, skjønn, avgjerdsteori og etikk. Dei skal bruke denne kunnskapen til å kritisk reflektere over sosionomen si profesjonsutøving i velferdssystemet og i møte med brukarar. Studentane skal også bruke kunnskap om kontekstuelle faktorar som pregar sosialt arbeid og tverrprofesjonelt samarbeid.

Den første delen av emnet er ei fordjuping i teoretiske perspektiv i sosialt arbeid og den andre delen er kritisk refleksjon over fag og yrke.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om sosialt arbeids teorigrunnlag og metodar som retter seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
  • har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid og andre relevante fagområder.
  • kjennskap til fagets vitskapsteoretiske posisjonar, kunnskapsutvikling og profesjonen sitt samfunnsansvar.
  • kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.
  • har kunnskap om fagområdets eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøvinga.
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
  • kan tileigne seg ny kunnskap og kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Vidare skal kandidaten også kunne dokumentere og formidle sin faglege. kunnskap

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk, ulike etiske teoriar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen.
  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet.
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
  • har innsikt i politiske og administrative avgjersleprosessar og korleis sosionomar kan bidra til allmenn opplysning og politisk rådgjeving.
  • har innsikt i korleis utvise dømmekraft i situasjonar med mangelfull og/eller motstridande informasjon og identifisere muligheitsrom innan ulike profesjonelle og institusjonelle kontekster.
  • kan formidle sosialt arbeids kunnskap og utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette bidra til innovasjon og utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og andre studieår må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

SAB310 og SABP3 (Praksisemnet).

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta klasseromundervising i tillegg til studentaktivelæringformer som gruppeseminar med rettleiing, digitale undervisningsressursar i Canvas, gruppepresentasjon i plenum, paneldebatt med studentinvolvering, sjølvstudium og dialog med brukarar og aktørar frå fagfeltet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande to obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Krav om 80% deltaking i studentaktiv undervisning.
  2. Skriftleg innlevering med omfang inntil 1500 ord.

Arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Godkjente læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen Individuell skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Omfang: 3000 ord +/- 10%.

Tid for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.

Ny eksamen
Ny heimeeksamen vert gjennomført på same måte som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidlar tillaten, men det vert køyrd plagiatkontroll. 

Meir om hjelpemiddel