Hopp til innhald

SAB390 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I dette emne skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i akademisk skriving av ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve. Val av tema og problemstilling skal ha sosialfagleg relevans og drøftast i lys av relevant teori og forsking. Sjølvstudium vert vektlagd som læringsform i emnet kor det vil bli gitt tilbod om rettleiing i tillegg til deltaking på ein rettleiingstime. Det blir undervisning i skriving av bacheloroppgåve og arrangert oppgåveseminar. 

Bacheloroppgaven skrives i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. En veiledningsavtale skal inngås i starten av arbeidet med bacheloroppgaven. Avtalen skal signeres av student og veileder.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid.
  • kjenner til faget sine vitskapsteoretiske posisjonar, og kunnskapsutvikling.
  • kjenner til samfunnsvitskapeleg metode og den sine mogelegheiter og avgrensingar.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan anvende forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i oppgåveskriving.
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette skriftleg.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav.
  • kan formidle faget og bidra til utvikling av god praksis.
  • kan formidle faglig kunnskap som fremmer likeverd og mangfald og bidrar til likestilling, inkludering, mestring og deltaking i kvardag, skule og arbeidsliv.

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere bacheloroppgaven må alle emner i 1. og 2. studieår, samt 5. semester være bestått. I tillegg må studenten ha eksamensrett i SAB320. 

Tilrådde forkunnskapar

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta klasseromsundervisning, bruk av læringsressurser i canvas, seminar, undervisning og praktisk øving i litteratursøk i samarbeid med biblioteket, work-shops.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Godkjent prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord.
  2. Deltaking i oppgaveseminar
  3. Deltaking i minimum to rettleiingar (ein time til prosjektplan og ein time til sjølve oppgåva)

Spesifikke krav til deltaking går fram av informasjonshefte for emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester.

Vurderingsform

Oppgåve
Bacheloroppgåva er hovudsakeleg eit individuelt prosjekt og skal maksimalt vere på 8.000 ord. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidlar tillaten, men det vert køyrd plagiatkontroll. 

Meir om hjelpemiddel