BØA205 Økonomistyring
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Kurset skal gi innsikt i bruk av ulike modeller for kalkyle, driftsregnskap og budsjettering i økonomistyringen. Kurset skal videre utvikle evnen til å identifisere relevante inntekter og kostnader som grunnlag for bedriftsøkonomiske beslutninger.
- Inntekts- og kostnadskontroll
- Modellar for driftsrekneskapet,
- Bruk av normal- og standardkost
- Kostnadsfordeling
- Beslutningsrelevante kostnader og inntekter
- Alternativ til tradisjonell kostnadsanalyse, inkludert aktivitetsbasert kalkulasjon
- Budsjettering.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten:
- kan gjere greie for ulike prinsipp for kostnadsfordeling og produktkalkulasjon.
- kjenner til budsjettet som styringsverktøy samt gjere greie for korleis budsjettprosessar blir organisert og gjennomført.
- har tileigna seg god forståing for kostnadsomgrepet og ha god forståing for variabiliteten på kostnader.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan utarbeide for- og etterkalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet for bedrifter i ulike bransjar, samt kalkylar basert på aktivitetsbasert kalkulasjon.
- kan utføre kostnads-, resultat- og volumanalysar.
- kan utføre tradisjonell kalkulasjon etter normalkostmetoden og standardkostmetoden, samt aktivitetskorrigere verksemda sitt budsjett medrekna fleksibel budsjett.
- kan gjere avviksanalyse, identifisere og forklare årsaker til avvik og kunne føreslå iverksettjing av tiltak.
- kan identifisere beslutningsrelevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike beslutningsproblem.
- kan gjere enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang.
- kan fordele kostnader frå art via kostnadsstad/aktivitet til kalkyleobjekt
- kan setje opp budsjett (resultatbudsjett, likviditetsbudsjett og balansebudsjett) basert på verksemda sine planar og aktivitet i perioden, samt sjå samanhengen mellom bedriften sine ulike delbudsjett.
Generell Kompetanse
Studenten
- kan framskaffe og bruke interne styringsdata til å leie eit føretak.
- har oversikt over tradisjonelle og moderne driftsrekneskapsmodellar og kunne drøfte vurderingsproblem i tilknyting til desse modellane.
- kan drøfte dei grunnleggande føresetnadene for og svakheitene med den aktivitetsbaserte kalkulasjonsmetoden.
- kan drøfte føremålet med budsjettering og sjå budsjettet som verktøy for planlegging.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar: Innføring i bedriftsøkonomi og regnskap
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.
Godkjent arbeidskrav er alltid gyldig.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle kalkulatormodellar er tillatt, med følgjande unntak
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplast til strømnettet
- kalkulatoren må ikkje lage støy
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØKB2101 - Økonomistyring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØBO014 - Beslutningsanalyse - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØBO012 - Driftsrekneskap og budsjettering - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BØ6-1003 - Økonomistyring i bedrifter - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØBO016 - Økonomistyring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SA051 - Kostnadsregnskap - Reduksjon: 6 studiepoeng
- ØKB015 - Bedriftsøkonomisk analyse II - Reduksjon: 6 studiepoeng
- SA012 - Kostnadsregnskap - Reduksjon: 6 studiepoeng
- ØKB2001FORØK - Driftsrekneskap og budsjettering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SA069 - Bedriftsøkonomisk analyse II - Reduksjon: 6 studiepoeng
- ØKB2015 - Bedriftsøkonomi II - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB2003 - Bedriftsøkonomi II - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB002FOREØK - Driftsrekneskap og budsjettering - Reduksjon: 6 studiepoeng