BARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I dette emnet vert studentane introdusert for barnevernspedagogen si yrkesrolle i samfunnet. Emnet omhandlar barnevernets historie, verdigrunnlag, organisering, rammer og samfunnsoppdrag. Studentane får møte barnevernspedagogar frå praksisfeltet og brukarar med erfaring frå barnevernet, gjennom brukarorganisasjonar. Vidare vert studentane tilbydt undervisning i FNs barnekonvensjon, og tydinga av barn sin rett til medverknad og deltaking. Studentane vil også få kunnskap om samars rettar og status som urfolk. Gjennom praktiske øvingar kan studentane tileigne seg kunnskap og økt medvit om eigen relasjonskompetanse i møte med andre.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om barnevernets historie, ansvars- og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga.har kjennskap til FNs barnekonvensjon.
- har kjennskap til relevante fagdebattar i barnevernet.
- har kunnskap om tydinga av barns deltaking og barns rettar.
- har kunnskap om samar sine rettar som urfolk.
- har kjennskap til tydinga av tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i barnevernet.
- har kjennskap til barnevernspedagogens yrkesetiske grunnlagsdokument.
- har kjennskap til omgrepa «Barns beste», omsorg og oppdraging, og kan beskrive kva som ligg i omgrepet omsorgssvikt.
Ferdigheiter: Studenten …
- kan reflektere over eiga samhandling i møte med andre.
Generell kompetanse: Studenten …
- har innsikt i barnevernspedagogen sitt samfunnsmandat, fag og yrkesfelt, og tenestetilbodet til utsatte barn, unge og deira familiar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings og læringsformer vekslar mellom førelesingar, seminar, ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid og rettleiing i basisgrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning knytt til ; kurs i kommunikasjon og relasjon, jus, skrivekurs, seminar, basisgruppearbeid og møte med profesjonen og andre brukerorganisasjoner
- Eit refleksjonsnotat knytt til kurs i kommunikasjon - og relasjon. Omfang: 1000 ord (+/- 10%). Dersom refleksjonsnotatet ikkje blir godkjent kan studenten levere ei omarbeida utgåve.
- Innlevering av tekst til rettleiing i basisgrupper innan gitt frist. Teksten skal knytte seg til eksamensoppgåva og ha eit omfang 800 - 1000 ord
Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Eksamen Skriftleg individuell oppgåve. Omfang: 2500, +/- 10% Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A-F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen med ny oppgåve.
Dersom kandidaten får karakteren F ved ny eksamen, må eksamen gjennomførast på nytt ved neste ordinære eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng