BARN200 Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Dette emnet handlar om arbeid med barn og familiar i den kommunale barnevernstenesta. Studenten skal tileigne seg kunnskap om korleis forvalte Lov om barnevernstenester og korleis vurdere omsorgssituasjonen til eit barn gjennom meldingsavklaring, undersøking og val av hjelpetiltak. Sentrale tema i emnet er barns utvikling, omsorgs- og samspelsvurderingar i eit psykologisk og levekårsperspektiv og arbeid med etnisk mangfald i barnevernet. Emnet omhandlar vidare kunnskap om medverknad og samarbeid med barn, foreldre og andre samarbeidsinstansar, samt videreutvikle ferdigheiter til å snakke og samarbeide med barn og deres foreldre i utsette og vanskelege livssituasjonar.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten …
- har brei kunnskap om rettsreglane for enkeltsaker etter lov om barnevernstenester og dei prinsippa lova byggjer på.
- har brei kunnskap om rus og psykiske vanskar hos foreldre, og andre moglige årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar for barn.
- har brei kunnskap om samspel og utviklingsstøttene omsorg.
- har brei kunnskap om barnevernets samarbeid med barn, foreldre, nettverk og offentlege tenester.
- har kunnskap om korleis levekår og fattigdom kan ha konsekvensar for barns oppvekst og utvikling, og om barnevernsarbeid i etnisk og kulturelt mangfald..
- har kunnskap om ulike hjelpetiltak som bidreg til positiv endring hos barnet eller i familien.
- har kunnskap om skjønn i barnevernets avgjerdsprosess.
- har kunnskap om etiske dilemma, og medvit om uheldige maktforhold i arbeid med barnevernssaker..
- har kunnskap om institusjonelle rammer og politiske føringar for arbeid i barnevernstenesta.
- har kunnskap om god kvalitet i sakshandsaming.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan anvende forskningskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap fra barn, unge og foreldre som grunnlag for å ta ei avgjerd i tråd med barnets beste.
- kan arbeide systematisk og målretta med melding, undersøking og hjelpetiltak.
- kan kommunisere og samarbeide med barn, unge og foresatte på en måte som fremmer individuell og kollektiv medvirkning i barnevernssaker.
- kan reflektere kritisk over eige arbeid, kan grunngje og dokumentere fagleg skjønn og utforme vedtak etter Lov om barnevernstenester..
- kan samarbeide med andre instansar om hjelp til barn, unge og deira familiar.
- kan vise fleirkulturell forståelse og kultursensitivitet i kontakt med barn og deira familiar.
Generell kompetanse: Studenten…
- kan bruke kunnskaper og erfaringer i barnevernsfaglig arbeid på en etisk og faglig forsvarlig måte, og formidle faglige vurderinger muntlig og skriftlig.
- kan bruke kunnskap, ferdigheter og erfaringer til å møte barn, unge og familier i en utsatt livssituasjon med forståelse, empati og anerkjenning.
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå 1.semester (BARN100, BARN110 og BARN120) og BARNP1 må vere bestått for å starte 2. studieår.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive undervisingsformar for læring vektleggjast. Studentane skal gjennom bruk av videoførelesningar og seminar få erfaring med skriftleg sakshandsaming. Andre formar for undervisning er førelesningar, møte med brukargrupper og praksisfelt, arbeid i grupper/oppgåveseminar med ferdigheitstrening og rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning og gruppearbeid knytt til ferdigheitstrening i omsorgsvurdering, og dokumentskriving i barnevernssaker i møte med barn og familier i utsette livssituasjonar.
- Skriftleg individuell innlevering av eit vedtaksdokument ved gjeldande mal for slike vedtak i praksisfeltet, innan gitt frist.
Studentane kan levere revidert versjon av vedtaksdokumentet ein gong.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i tre semester
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 minutt. Studenten trekk ei kasusskildring. Etter gjennomlesing skal studenten gjere ei analyse og grunngje val og avgjerder for eksamenskommisjonen.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BS5-201 - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng