BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet gjev ei praktisk og teoretisk fordjuping i årsrekneskap.
Emnet legg vekt på å kombinere teori og praktisk utarbeiding av årsrekneskap i årsoppgjersprogram. Det blir fokusert på rekneskapslova og god rekneskapsskikk, inkludert rekneskapsreglar for små foretak.
Formålet er at studentane tileignar seg kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som er verdifulle ved utarbeiding og vurdering av årsrekneskap i praksis.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- Har inngåande kunnskap om måling og innrekning i samsvar med god rekneskapsskikk
- Har inngåande kunnskap om rekneskapsreglane for små føretak
- Har inngåande kunnskap om regelverket for utarbeiding av fullstendig årsrekneskap
- Kjenner til rekneskapsreglane for ideelle organisasjonar
- Kjenner til reglane for ikkje-finansiell rapportering, inkludert bærekraftsrapportering
Ferdigheitar:
Studenten
- Kan avslutte årsrekneskap for aksjeselskap, inkludert skatt og årsoppgjersdisponeringar
- Tabellarisk
- I eit årsoppgjersprogram
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan tileigne seg oppdatert og praktisk kunnskap innanfor rekneskap
- Kan reflektere over årsrekneskapen sin verdi som grunnlag for avgjerder.
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil variere mellom forelesing og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt individuelt skriftleg arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen 7 dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skriftelege hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BØ6-303 - Rekneskap og skatt - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- ØKB3117 - Vidaregåande finansrekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 1,5 studiepoeng