EM6-1001 Praktisk eigendomsmekling 1
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i:
- eigedomsmeklaren si rolle, oppgåver og ansvar
- etikk og god meklarskikk
- eigarformer og leigeforhold
- finansiering av bustad
- gjennomføring av salsoppdrag for bruktbustader
- marknadsføring av bustader
- bodgjeving
- kontraktsskriving
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Gjere greie for reglane som regulerer meklaren si rolle, arbeidsoppgåver og ansvar overfor kundar, publikum, offentlege styresmakter og eigedomsmeklarbranjsen.
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne løyse juridiske og praktiske problemstillingar innenfor emnet sitt tema.
Generell kompetanse:
Studenten skal ha eit bevisst forhold til mimimunsrettighetene dei lovfesta rettsreglane gir.
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel. Det er nødvendig med aktivt sjølvstudium (studiebok) og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum.
Det er obligatorisk studietur i EM6-1001 Praktisk eigedomsmekling 1. Studentane må rekne med ei eigenbetaling for delar av ekskursjonen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt oppgåvesett. Individuell oppgåve.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna)
NEFs håndbok
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- EM6-100 - Praktisk eiendomsmegling 1 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng