Hopp til innhald

GE413 Kartlære og GIS

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet startar med ei innføring i kartgeometri, grunnlag for kartkonstruksjon og kartprojeksjonar. Dette inkluderer 3 øvingar som dekker praktisk bruk av kart og kompass samt grunnleggande leseferdigheitar og informasjonssøk i både analoge og digitale kart. I GIS-delen får studentane ei grundig innføring i grunnleggande komponentar i vektor- og rasterbasert GIS, og kva det kan nyttast til. Det vil bli vektlagt relevante problemstillingar innan naturfag og planlegging, som temakart og analyse av romlige variasjonar. Studentar får opplæring i bruk av online kartressursar og fysiske data. 8 av tilsaman 11 øvingar vil bli gjennomført i programvara QGIS.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten tileignar seg:

  • grunnleggjande kunnskap om topografiske og tematiske kart, kartprojeksjonar og koordinatsystem
  • kjennskap til prinsippa for geografiske informasjonssystem (GIS)
  • oversikt over analysemoglegheiter ved bruk av geografiske informasjonssystem (GIS)

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke kart og kompass
  • bruke online GIS-ressursar
  • gjennomføre feltregistreringar ved hjelp av GPS og apper på mobil, og i tillegg overføre slike data til digitale kart (QGIS)
  • lage og bearbeide digitale kart i QGIS
  • utføre vanlege analyser i QGIS

Generell kompetanse

Studenten vil forstå og vite korleis ein kan nytte GIS i aktuelle problemstillingar i kartlegging, fysisk planlegging og analyser.

Krav til forkunnskapar

Ingen  

Tilrådde forkunnskapar

Basiskunnskapar i bruk av PC og filbehandling

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, obligatoriske praktiske og skriftlege oppgåvar og 1 dagsekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 6/6 godkjende digitale testar
  • 3/3 godkjende innleveringar
  • deltakelse på 2/2 praktiske oppgåvar
  • deltakelse på feltekskursjon

Godkjende arbeidskrav er gyldige i dei tre påfølgjande semester.

Vurderingsform

Deleksamen 1: Prosjektoppgåve i grupper (40% vekt). Deleksamen 2: Skriftleg skuleeksamen (60% vekt).

Bokstavkarakter A-F.

Kvar enkelt deleksamen må vere greidd for å oppnå greidd resultat i emnet. Dersom ein deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er greidd, kan ein ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Del 2: Linjal, kladdpapir, penn og kalkulator er tillatt som hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel