Hopp til innhald

GE436 Sedimentologi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i sedimentologi og i eit utval av sedimentologiske metodar. Etter ein kort introduksjon lærar studentane om samansetting og danning av hovudtypane av sedimentære bergartar og lærar å beskrive, klassifisere og analysere sedimentære lausmasser og bergarter. Transportprosessar, avsetting av sediment og danning av sedimentære strukturar vil bli vektlagt. Diagenetiske prosessar og spesielt føresetnadar for danning av petroleumsførande bergartar vil bli gjennomgått. Studentane bidreg aktivt med presentasjonar av delar av ein fagartikkel i sekvensstratigrafi og førebur seg på ein feltlokalitet. I feltet trenar studentane dessutan på å beskrive og kjenne att eoliske, fluviale, limniske samt grunne og djupe marine miljø i lagrekka som er gjennomgått teoretisk på førehand. Faciesanalyse, teikning av sedimentær logg, skisse og geofagleg rapportskriving er ferdigheiter som vil bli vektlagt og testa gjennom vurderingsforma.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane skal kunne:

  • definere sedimentologi, forklare kvifor det studerast og ha kjennskap til klassifikasjonsskjema for sedimenter og sedimentære bergartar
  • beskrive og analysere tekstur (inkl kornstorleik) for terrigen klastiske sedimenter og sedimentære bergartar
  • fastslå og forklare opphav og samansetting av vulkanoklastiske sedimenter, kalkstein og evaporittar

Studentane skal:

  • kjenne att og sette namn på ulike sedimentære strukturar og kunne relatere sedimentære strukturer og tekstur til bakom liggande avsettingsprosess
  • kjenne att og sette namn på ulike post-avsetnings deformasjonsstrukturar
  • ha oversikt over diagenetiske prosessane som førar til at sedimenter blir til sedimentære bergarter samt til at organisk-rike avsettingar omdannast til hydrokarboner

Studentane skal ha kjennskap til:

  • dei geologiske prosessane under forvitring og transport av sedimenter
  • grunnleggande stratigrafiske prinsipp og aldersbestemming
  • dagens prosessar og morfologi av ulike kontinentale og marine avsetningsmiljø
  • ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale norske fagdatabasar

Ferdigheiter

Studentane skal kunne:

  • anvende dei mest vanlege analysemetodar for lausmassar på laboratoriet
  • beskrive og sette namn på sediment og sedimentære bergartar
  • anvende det litostratigrafiske rammeverket og geologiske tidseiningar
  • oppsummere observasjonar gjort i felt ved hjelp av feltbilder, sedimentær logg og skisse i ein skriftleg feltrapport
  • dele inn facies, einingar og tolke avsettingsprosessar basert på samansetting og sedimentære struktur i bergarten eller lausmasse
  • relatere avsettingshistoria til havnivåendringar, tektonikk og sedimenttilførsel
  • søkje og finne fram til aktuell fagleg litteratur i sentrale norske ressursar

Generell kompetanse

Studentane skal kunne beskrive og analysere sediment og sedimentære bergartar med vekt på tolking av avsettingsprosessar, paleomiljø og sekvensstratigrafi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på:

GE-406 Geologi grunnkurs

GE-408 Mineralogi og petrografi

Undervisnings- og læringsformer

  • Asynkron digital undervisning gjennom lysbilder, videoer og fleirvalstest
  • Felt- og labøvingar med krav om rapportskriving for 3 av disse
  • Seminar med munnlege studentpresentasjonar og kvarandrevurdering
  • 5 dagar feltpraksis med munnlege studentpresentasjonar, skriving av feltdagbok og rettleiing

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjende innlevering frå felt- og labøvingar (3/6)
  • Godkjende fleirvalstest (9/9)
  • Deltaking, presentasjon og kvarandrevurdering på seminar
  • Deltaking på feltpraksis (5 dagar) og skriving av feltdagbok
  • Førebuing og presentasjon av ein lokalitet på feltpraksis

Vurderingsform

Oppgåve (Individuell rapport). Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidlar tillat.

Meir om hjelpemiddel