GE486 Glasialgeologi
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Det vert gitt ei innføring i kvartærperioden (dei siste 2 595 mill. år), der vi ser på korleis isskjold og brear over heile verda byggjer seg opp og smeltar vekk som følgje av klimaendringar, og korleis landet og havnivået har endra seg. Vi ser på korleis brear verkar (glasiologi), og korleis dei endrar landskapet (glasialgeologi). Det vert gitt ein kort introduksjon til permafrost og andre geomorfologiske prosessar i kalde område.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane:
- forstå og kjenne til korleis landet og havet har endra seg gjennom kvartærperioden
- ha god forståing og kunnskap om brear og ulike bretypar
- ha god kjennskap til korleis breane har forma landet vårt
- ha grunnleggjande kjennskap til permafrost og periglasiale prosessar
Ferdigheiter
Studentane kan:
- utføre ein kvartærgeologisk kartlegging i felt og lage eit kvartærgeologisk kart
- ta seg fram over ein bre
Generell kompetanse
Studentane skal kunne anvende kunnskap og forståing for glasiale og periglasiale landskapsformer samt sedimentære avsetningar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer på:
GE-406 Geologi grunnkurs
GE-436 Sedimentologi
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, feltarbeid og ekskursjon
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på ein 1-dags ekskursjon og ein 5-dagars ekskursjon
- Studentene må få godkjent ein rapport frå 5-dagars ekskursjonen
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 15 minuttar med 20 minuttar førebuing utan hjelpemiddel.
Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel