Hopp til innhald

ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Undervisninga har fokus på korleis fysisk aktivitet kan bli brukt som førebygging og opptrening knytt til bl.a. reumatologi, nevrologi-, muskel og skjelettplager, idrettsskadar og i svangerskap/barsel. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring fram mot praktisk eksamen i emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast ulike diagnosar
  • har kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan brukast som førebygging og opptrening etter skade og sjukdom

Ferdigheiter

Studenten

  • syner ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå og for personar med ulik helsetilstand
  • kan gjennomføre praktisk arbeid i offentlege og private verksemder
  • kan utøve førstehjelp med hjertelungeredning 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet for personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet
  • kan samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Fullført 2. år bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse eller tilsvarande utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktisk aktivitet og praksis for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Emnet har to veker yrkespraksis på valfri arbeidsplass innan anten førebygging, helsefremming eller behandling. Praksisen kan vere samanhengande eller organisert som punktpraksis med same omfang. I praksis er planlegging og gjennomføring av ulike arbeidsoppgåver med fysisk aktivitet som helsefremmande, førebyggande og/eller behandlande tiltak i fokus. Studenten kan påverke kva retning han ønskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å finne seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av høgskulen.

Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i gruppearbeid og -framlegging, førelesingar frå praksisfeltet, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om at studentane kan planlegge, organisere og rettleie personar med ulik helsetilstand i trening og at dei kan formidle og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Aktiv deltakelse i gruppearbeid, gruppepresentasjonar og forelesningar frå praksisfeltet.

Gjennomført og bestått 2 uker praksis, praksisrapport og presentasjon på praksisseminar.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen, 30 minutt.

Kandidaten trekk tema (case) han/ho skal opp i 30 minuttar før eksamenen startar. Tida skal brukast til å førebu seg til gjennomføring av eksamen.

Gradert karakter (A-F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel