ID3-310 Fordjupning Alpin skiferdsel
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Gjennom emnet skal studentane utvikle kunnskap og forståing om alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng. Terrengvurderingar, systematisk snødekkeundersøkelsar, værkjennskap og gruppeprosessar ved menneskeleg samhandling inngår som sentrale faktorar i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av turar. Kameratredning og ulike senarier med sendar/mottakar blir også gjennomgått.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng
- har kunnskap om terrengets betyding knytt til alpin skiferd
- har kunnskap om vegvalsvurdering i oversiktleg og utfordrande terreng
- har kunnskap om systematisk snødekkeundersøkelse som metode for snødekkevurdering
- har kunnskap om korleis skredvarsling (varsom.no) brukes i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av alpin skirferd
- har kunnskap om verets betyding for alpin skiferd og snødekkets oppbygging
- har kunnskap om gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til alpin skiferd
- har kunnskap om kameratredning og bruk av sendar/mottakar
- har kunnskap om korleis kameratredning ved komplekse søkescenarier ved bruk av sendar/mottakar - utstyr kan gjennomførast
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng
- kan vurdere terrengets betyding knytt til alpin skiferd
- kan gjere vurdering på vegval i oversiktleg og utfordrande terreng
- kan systematisk snødekkeundersøkelse som metode for vurdering av snødekket
- kan nytte skredvarsling (varsom.no) i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av toppturar
- kan redegjøre for verets betyding for ferdsel på topptur og snødekkets oppbygging
- kan redegjøre for gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til alpin skiferd
- kan gi opplæring i kameratredning og bruk av sendar/mottakar - utstyr på grunnleggjande nivå
- kan gjennomføre kameratredning ved komplekse søkescenarier ved bruk av sendar/mottakar - utstyr
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til alpin skiferd i oversiktleg og utfordrande terreng
Krav til forkunnskapar
- Fullført 60 studiepoeng idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv eller anna relevant utdanning
- Fullført og bestått skredkurs eller tilsvarande
- Opptaksprøve med forventningsavklaring på følgande tema: Terreng, snø, vær, gruppeprosessar og eigenferdigheit i oversiktleg terreng
Tilrådde forkunnskapar
Erfaring med alpin skiferdsel
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid og praktisk undervisning. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til tuplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.
Ekskursjonar:
- Sogndalsdalen, 1 dag: Eigenferdigheit på tur i oversiktleg terreng og skredteori
- Sogndalsdalen, 3 dagar: Planlegging (terreng, vær, snødekke og mennesket), gjennomføring og evaluering av tur
- Hemsedal eller liknande destinasjon, 1 dag: Vurdering i forhold til heisbasert skikøyring utanfor preparerte løype
- Jostedalen, 4 dagar: Planlegging, gjennomføring og evaluering av tur samt redning og øving sendar/mottakar
- Sogndalsdalen, 1 dag: Planlegging, gjennomføring og evaluering av tur på homogent snødekke (vår)
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktiviteter vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar.
- Godkjent obligatorisk læringsaktivitet: Planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
- Innlevering av individuelt eigenrefleksjon for emnet
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk læringsaktivitet.
Vurderingsform
Munnleg individuell eksamen på 30 min. Gradert karakter (A-F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Eigenrefleksjon for emnet
Meir om hjelpemiddel