Hopp til innhald

ID3-330 Fordjuping fotball 2, trenarrolla og trenarutvikling

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

  • Trenarutvikling
  • Trenaren som koordinator
  • Rettleiing av trenar, ved bruk av analyseverktøy
  • Fotball som kulturelt fenomen
  • Fotball og organisasjonsutvikling

Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om trenarkoordineringsrolla
  • har kunnskap om feedback og evaluering av trenarrolla
  • har kunnskap om relevante verktøy for kamp- og spelaranalyse

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kring utvikling av eigne ferdigheiter som trenar
  • prøve ut og erfare korleis han kan jobbe på feltet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for korleis ein skal ta eigarskap til eigen ferdigheitsutvikling som trenar
  • kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet
  • kan kvalifisere seg som B-lisenstrenar i NFF sin trenarstige

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande. 

NFF Grasrottrenaren.

Tilrådde forkunnskapar

Trenarpraksiserfaring

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske instruksjonsoppgåver.

Undervisninga blir gjennomført i klasserommet, på analyselaboratoriet og på fotballbana.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktiviteter vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Desse blir spesifisert i kursplanen.

  • Ei individuell praktiske instruksjonsoppgåve
  • Teoriprøve, to timar, bestått/ikkje bestått

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav. 

Vurderingsform

Individuell, praktisk eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 45 minutt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel