ID3-331 Gruppetreningsinstruktør
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
- Gjennomføring og rettleiing av ulike timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne
- Instruktørrolla- coaching og øvingsbilete
- Intensitetsstyring- ulik intensitet retta mot ulike målgrupper
- Treningslære retta mot trening i grupper
- Bruk av musikk på ulike timar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om treningslære innanfor uthald, styrke og bevegelegheit relatert til trening av grupper både ute og inne
- har kunnskap om coaching
- har kunnskap om intensitetsstyring
- har kunnskap om musikk som hjelpemiddel
Ferdigheiter:
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ulike typar timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne ute og inne for ulike målgrupper
- kan motivere og rettleie deltakarar til funksjonell og effektiv trening
- kan legge til rette for ulike målgrupper i ein og same time
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for gode treningsopplevingar
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid og praktiske timar ute og inne. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatorikse læringsaktivitetar vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Desse blir spesifisert i kursplanen.
- Godkjent tre arbeidskrav knytt til trening av ulike typar målgrupper, framlegging og innlevering.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen med munnleg eksaminasjon, ein time. Vurdering med karakter A-F.