ING2036 Systematisk HMS-arbeid
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Norsk lovverket har krav innan helse, miljø og sikkerheit (HMS) som verksemder må etterleve. Krav om systematiske HMS-arbeidet (internkontroll) er fastsett i Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften), og denne forskrifta gjeld verksemder i Noreg (med nokre unntak). Systematisk HMS-arbeid dreier seg om tiltak som skal sikre at aktivitetar i ei verksemd vert planlagt, organisert, utført, sikra og vedlikehalde i samsvar med krav i HMS-lover og -forskrifter.
Studentane skal i emnet utvikle ei forståing for korleis HMS-regelverk og systematisk HMS-arbeid skal integrerast i det daglege arbeidet og i leiingssystemet i ei verksemd. Vidare skal dei forstå at systematisk HMS-arbeid er ein del av det totale kvalitetssystemet i verksemda.
Fylgjande områder blir gjennomgått i emnet:
- Lov- og regelverk innan HMS
- Leiing og organisering av HMS-arbeidet
- Rettar, roller og plikter i samband med HMS-arbeidet
- HMS-aktivitetar og HMS-resultat
- Den langtidsfriske/helsefremjande arbeidsplassen
- HMS-kultur
- HMS-etatane sine roller og oppgåver
Emnet vil gje studentane kunnskap til å planlegge, organisere, utføre, sikre og vedlikehalde aktivitetar i ei verksemd for å oppnå kontinuerleg forbetring og varig endring av det systematiske HMS-arbeidet.
Læringsutbytte
Kunnskap:
- Studenten har oversikt og kjennskap til norsk lov- og regelverk innan HMS.
- Studenten har kunnskap om fagområdet sin tradisjon, eigenart og plass i samfunnet.
- Studenten har kunnskap om korleis HMS-arbeidet skal leiast og organiserast og om kva som fremjar god HMS-kultur.
- Studenten har kunnskap om kva rettar, roller og plikter dei tilsette i ei verksemd har.
- Studenten har kunnskap om HMS-aktivitetar og HMS-resultat i ei verksemd.
- Studenten har kunnskap om verktøy og metodar innan det systematiske HMS-arbeidet.
- Studenten har kjennskap til andre styringssystem.
- Studenten har kjennskap til HMS-etatane sine roller og oppgåver.
- Studenten har kjennskap til den langtidsfriske medarbeidaren og den langtidsfriske/helsefremjande organisasjonen.
Ferdighet:
- Studenten kan etablere og drifte eit styringssystem for HMS og få det til å bli eit levande system.
- Studenten kan jobbe systematisk og kan planlegge, organisere, utføre, sikre, vedlikehalde og dokumentere HMS-arbeidet.
- Studenten kan bruke verktøy og metodar for å jobbe systematisk med HMS-arbeidet.
- Studenten kan vurdere om det systematiske HMS-arbeidet er i samsvar med krav og HMS-lovgivinga.
- Studenten kan sjå korleis HMS-aktivitetar og HMS-resultat påverkar kvarande.
Generell kompetansen:
- Studenten kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg.
- Studenten kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan forfagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- Studenten kan argumenter for at systematisk HMS-arbeid er lønnsamt for verksemda.
- Studenten har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
- Studenten kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- Studenten har innsikt i korleis HMS-kulturen kan påverke resultata innan HMS-arbeidet i verksemda.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesninger, diskusjon, oppgåver og prosjektarbeid.