MGUKØ301 Kroppsøving 2, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, danning, kropp og læring
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på at studentane får auka praktisk-pedagogiske kompetanse, og videreutvikla ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.
Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane sin faglege og fagdidaktiske forståelse. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, danning, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vurdering og dokumentasjon av læring i kroppsøving.
- har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving.
- har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremmande livsstil hjå elevane.
- har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving.
- kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
- kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving.
- kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein skule med elevmangfald
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollega om kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve
- Oppgåve knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i et samfunnsperspektiv
Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav. Arbeidskrava må være fullført innen fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- KRO1004 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 2 - Reduksjon: 15 studiepoeng