MGUKØ501 Kroppsøving 3, emne 1 - Vitskapsteori, fag og metode
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane lære om vitskapsteoretisk og forskningsetiske refleksjonar og val, og se samenhengar mellom desse. Sentralt står det å forstå og kunna bruke ulike forskningsmetodar. Og studentane skal arbeide med å utvikla og grunngje problemstillingar relatert til kroppsøving og det å vere lærar i grunnskolen.
I emnet gis det eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike vitskaplege perspektiv og teoriar og deira relevans for kroppsøvingsforsking generelt og forskingsmetodiske tilnærmingar spesielt. Kritisk, kroppsøvingsfagleg og etisk vurdering av forskingslitteratur, tolkingspremiss og framgangsmåtar i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar utgjer ein vesentleg del av emnet.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitskapsteori og forskingsetikk
- har innsikt i ulike forskingsdesign
- har kunnskap om utvalde forskingsmetodar
- har innsikt i samanhengar mellom vitskapleg teori, metode, analyse, etikk og drøfting
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere problemstillingar knytt til profesjonsfag og bruke slik innsikt med tanke på forskings- og utviklingsarbeid
- kan formulera problemstillingar og grunngje korleis desse heng saman med eksisterande kunnskap i kroppsøving og val av forskingsmetodar
- kan lesa og tolka resultat frå ulike vitskapstradisjonar og med ulik metodetilnærming.
- kan kritisk vurdera rolla til forskaren i forskinga
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektera kring relevante faglege og etiske problemstillingar
- kan bidra til fagleg utvikling på den enkelte skule
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til. .
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, bruk av analyseverktøy, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Alle studentaktive læringsformer krever tilstedeværelse i undervisningen.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege innleveringar: ei knytt til forskningsetikk og ei knytt til forskningsmetode.
Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel