MGUKØ503 Kroppsøving 3, emne 3 - Teori og forsking i kroppsøving og profesjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet inneber fordjuping innan utvalde tema og problemstillingar relevante for å utvikla studenten som sjølvstendig profesjonsutøvar og bidragsytar til kroppsøvingsfagleg forsking og utvikling.
Emnet kan settast saman på ulike måtar ut frå tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla lærarprofesjonalitet og kroppsøving som fag. Sentralt er å setja studentane sjølve istand til å utvikla kunnskapar om lærarpraksis, undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis teori, forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngående forståelse om sjølvalgte tema og problemstillingar i kroppsøvingsfaget
- har innsikt i utviklingen av sin rolle som profesjonell yrkesutøvar
- har inngåande kunnskap om lærarprofesjon i forhold til sjølvalgt tema og problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysera kroppsøvingsfaglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfagets eigenart, verdigrunnlag, historie og gjeldande læreplanar
- kan planlegga, gjennomføra og vurdera utforskande undervising i kroppsøving med tanke på fagleg og pedagogisk utvikling
- kan bruka ulike teoretiske perspektiv i analyse av kroppsøving, lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
- kan anvende nasjonal og internasjonal forskning med tanke på fagleg utvikling knytt til eige prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til profesjonsutvikling og til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule
- kan bidra til forsking og utviklingsarbeid som fremmar fagleg og pedagogisk nytenking i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 60 studiepoeng i syklus 1 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skrive eit pedagogisk credo med refleksjonar knytt til lærerprofesjonalitet.
- Skrive prosjektskisse for masterprosjekt
Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei to følgjande semestera etter godkjenninga.
Vurderingsform
Fagessay (over gitt eller sjølvvald problemstilling), 2500 ord (+/- 10 %).
Karakter: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel