MGUMU401 Musikk 2, emne 2 - Den utforskande musikklæraren
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Studentar som er på utveksling kan ta Musikk 2 emne 2 som nettbasert fjernstudium.
Musikk 2 emne 2 gir vidare utvikling i å utøve-, lage- og oppleve musikk. I tillegg gir emnet ei allsidig opplæring i musikalsk leiing, innføring i ulike sider ved musikk, kultur og samfunn, og innføring i forskings- og utviklingsarbeid i musikk. Studentane vert kjend med norsk og internasjonal forskingsbasert kunnskap knytt til musikkopplæring for elevar i grunnskulen. Emnet omfattar også fordjuping i arrangering og komponering som didaktisk reiskap.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
- har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring og kunnskap om metodar for forskings- og utviklingsarbeid i musikk
- har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor områda improvisasjon, komposisjon og arrangering
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over og drøfte musikken sine funksjonar som estetisk og fleirkulturelt samfunnsfenomen i relasjon til grunnskulekonteksten
- kan gjennomføre eit sjølvstendig og praktisk musikkpedagogisk forskings- og utviklingsarbeid som bygger på grunnleggande forskingsetiske prinsipp
- kan skape sin eigen musikk ved hjelp av akustiske og digitale lydkjelder og arrangere musikalsk materiale for elevar på grunnskulens mellom- og ungdomstrinn
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å reflektere over, drøfte og vurdere aktuell forsking og ulike grunnskulerelaterte musikkdidaktiske kategoriar
- kan bidra praktisk i faglege endringsprosessar gjennom å legge vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga musikklærarrolle i grunnskulen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Musikk 1, emne 1 og 2.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, nettstudiar, litteraturstudiar, studentstyrte seminar. Sjølvstendig FoU-arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.
Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
Arbeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eitt av arbeidskrava, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan det aktuelle arbeidskravet takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.
Arbeidskrava vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente arbeidskrav er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Arbeidskrav:
- Eitt skriftleg arbeidskrav.
- Problemstilling for FoU-oppgåva skal vere godkjend innan gitt tidsfrist før arbeidet med oppgåva kan starte.
Retningslinjer for arbeidet vert publisert i læringsplattform.
Vurderingsform
- Del 1: FoU-oppgåve. Tel 51 % av endeleg karakter. Ved ikkje greidd, kan FoU-oppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester. Omfang: 5000 ord +/- 10 % for individuelle oppgåver og 7000 ord +/- 10 % for paroppgåver
- Del 2: Mappeeksamen. Tel 49 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Begge delar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel