MGUNO501 Norsk 3, emne 1 - Litteratur og litteraturdidaktikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde året. Emneplanen er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Emnet er bygd rundt lesing av eit samansett tekstutval og gir studenten inngåande og avansert kunnskap om litteraturvitskap, litteraturdidaktikk og vitskapsteori og metode knytt til litteraturvitskaplege emne. Studenten får innsikt i forsking om litterære emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande innsikt i teori om litteraturdidaktikk og litteraturvitskap
- har avansert kunnskap om munnlege, skriftlege og multimodale teksttypar i ulike medium frå fortid og samtid
- har avansert kunnskap om literacy
- har inngåande kunnskap om tekstanalyse og formidling
- har spesialisert kunnskap om estetiske uttrykksformer i ulike medium
- har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det litteraturdidaktiske feltet og for profesjonsutøvinga av faget
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og kritisk vurdere døme på nasjonal og internasjonal litteraturforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar, og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan planleggje, tilpasse og gjennomføre undervising i litteratur som kan fremje den utforskande og kritiske tenkjemåten og litterære kompetansen til eleven
- kan formidle tekstar i ulike uttrykksformer på varierte og sjølvstendige måtar
- kan utvikle og vurdere læringsressursar i litteraturundervisinga, og gje fagleg grunngjeven undervising i litteratur til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk
Generell kompetanse
Studenten
- kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og litteraturundervising
- kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets uttrykksformer
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Studentane vert organiserte i faste seminargrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk læringsaktivitet 1: Skrive eit samandrag av ein litteraturteoretisk tekst frå pensum og reflektere over korleis det teoretiske og metodiske perspektivet kan knytast til eit didaktisk arbeid med ein litterær tekst. Studentane skal presentere utkast til samandrag og refleksjon for kvarandre i seminargruppene. Dei skal i seminargruppene også gje munnleg tilbakemelding på minst to andre studentpresentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet 2: Gjennomføre ein performativ presentasjon av ein litterær tekst for ei nærmare definert målgruppe. Formidlinga skjer på eit eige seminar der studentane skal vere aktivt til stades.
Språk: norsk. Obligatorisk læringsaktivitet 1 skal skrivast på motsett skriftspråk av heimeeksamen.
Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar.
Studentane skal skrive ein teoretisk drøftande fagartikkel knytt til ein litterær tekst.
Omfang 20.000 teikn/tegn med mellomrom (+/- 10 %)
Språk: norsk, det skriftspråket ein ikkje har nytta i arbeidskrav 1.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel