Hopp til innhald

PL417 Arealplanlegging

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova med hovudvekt på kommuneplanens arealdel og bærekraftig planlegging i distriktskommuner.   Politiske målsettingar, lovgrunnlag og  metoder for fysisk planlegging vert gjennomgått  med vekt på krav til innhald, plansystem og planprosessar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane kjenner til:

 

  • sentrale problemstillingar i fysisk oversiktsplanlegging og utfordringar knytt til berekraftig planlegging.
  • kommunen sine oppgåver, roller og plass i styringssystemet.
  • Plan- og bygningslova; plansystemet og krav til planinnhald, utgreiingar og planprosessar på kommuneplannivå.

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • utarbeide grunnlagsmateriale til kommunale planar.
  • utføre ROS-analyse for naturfarer og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.

Generell kompetanse

Studentane kan:

  • forstå, vurdere og bruke kommuneplanar.
  • delta i planprosessar.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav. 

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på GE-413 Kartlære og GIS og PL 416 Landskapsanalyse

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar.

Praktisk prosjektarbeid i gruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Individuell oppgåve  over ca to veker der ein i etterkant av forelesingar skal hente ut info frå kommuneplanar og gjere enkel Ros-analyse av naturfarar i eit sjølvald område. 

2)  Gruppeoppgåve over 4-5 dagar  med synfaring, utforming av innspel til utbyggingsomåde og konsekvensutgreiing av framlegg til nye utbyggingsområde i kommuneplanen sin arealdel (KPA) i eit conkret case.

Begge oppgåvene må leverast på canvas innan fastsett frist og vere godkjente  for å kunne gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Heimeeksamen, 4 timar.

Karakterskala: A-F

Fagleg overlapping

  • BYG146 - Arealplanlegging for byggingeniør - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • PL433 - Innføring i arealplanlegging - Reduksjon: 6 studiepoeng