SA571 Den sosiale kroppen
Emneplan for studieåret 2022/2023
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- har studenten grunnleggjande kunnskap om menneskekroppens status i samfunnsvitskapleg og kulturhistorisk forsking.
- kan studenten gjengi hovudtrekka i analysane av kroppens historie, særskilt knytt til omgrepa om sivilisering og disiplinering.
- har studenten kunnskap om korleis menneskekroppen er og har vore gjenstand for sosialt engasjement gjennom ulike former for ideologi, kontroll, ekspertise og politikk.
- har studenten forståing for korleis dagens idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv speglar idear om menneskekroppen og meir allment ein historisk skapt «kroppskultur».
Ferdigheiter
- kan studenten vurdere og forstå dagsaktuelle politiske og offentlege ytringar om menneskekroppen i eit historisk og sosiologisk perspektiv.
- kan studenten nytte kunnskapen frå emnet til å tolke og formidle fenomen i samtida som inneber kontroll og styring av menneske og menneskeleg åtferd.
Generell kompetanse
- kan studenten nytte ulike faglege perspektiv på menneskekroppen i refleksjonar og debatt over kva for avgrensingar og ressursar den representerer for aktørar i seinmoderne samfunn.
- kan studenten vurdere korleis oppfatningar om menneskekroppen inngår i normativ oppvurdering og nedvurdering av enkeltmenneske og grupper i samfunnet.
- kan studenten reflektere over forholdet mellom menneske, natur, sport og friluftsliv med basis i historisk- sosiologiske synsmåtar.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
60 studiepoeng i samfunnsvitskap, historie eller i profesjonsstudium (t.d. lærar, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid, vernepleie).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og ulike former for gruppearbeid med skriving og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
4 timar skriftleg, individuell eksamen. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidler