Hopp til innhald

SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om sosialt arbeid i lys av omgrep i sosiologi, sosialpsykologi og utviklingspsykologi. I tillegg skal studentane tileigne seg kunnskap om migrasjon og interkulturell forståing.

Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i kommunikasjon med utgangspunkt i interaksjonistisk perspektiv og utdjuping i kommunikasjons - og relasjonskunnskap.

Studentane skal trene på å skrive akademiske tekstar. Innholdet i emnet er organisert i tre tema; sosiologi, psykologi og sosialt arbeid.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten… 

  • har kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag og metodar som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
  • har kjennskap til vilkår for meistring og utvikling hos barn, unge, vaksne og eldre.
  • kjenner til kva betyding levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og aktiv deltaking har i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn.
  • har kunnskap om korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse og levekår.
  • har kunnskap om teoretiske perspektiv i sosialt arbeid og andre relevante fagområde.
  • har kjennskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i en samfunnsmessig samanheng.
  • har kjennskap til omgrep innan migrasjon og interkulturell forståing.

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i individuelle samtalar med brukarar/klientar.
  • kan reflektere over kulturelle skilnadar og korleis dette har betyding for individ og samfunn.
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse:
Studenten…

  • har innsikt i forhold som medverkar til sosial ulikskap.
  • kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levemåte.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet er undervisninga gitt som undervisning i klasserom, digital undervisning, seminar, veiledning, gruppearbeid  og ferdigheitstrening i gruppe. Det nyttast filming ved ferdighetstrening. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % deltakelse i ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjon
  2. 80 % deltakelse i ferdighetstrening i kommunikasjon, Shulmanseminar
  3. Refleksjonsnotat i tilknytning til Shulmanseminaret.
  4. Individuell skriftlig oppgave på inntil 1500 ord. 

Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester. 

Vurderingsform

Heimeeksamen
4 dager skriftlig individuell eksamen med eit omfang på 2000 ord +/- 10 %. 

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsutrykk
Gradert karakterskala, der  A-F er greidd og F svarar til ikkje greidd.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSO114 - Vitkapsteori, forskingsmetode, sosiologi, psykologi - Reduksjon: 14 studiepoeng
  • BSO115 - Marginalisering, velferdsordningar og sosialt arbeid - Reduksjon: 1 studiepoeng
  • SOS5-106 - Sosialt arbeid - grunnlagskunnskap - Reduksjon: 15 studiepoeng