SK152 Bacheloroppgåve i sjukepleie
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studenten fordjupe seg i ei sjukepleiefagleg problemstilling og belyse denne ved hjelp av teori, forsking og erfaringsbasert kunnskap. Dei ulike tema i emnet er:
- Retningslinjer og skriveprosess for bacheloroppgåve i sjukepleie
- Litteratursøk
- Akademisk skriving
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- kan syne kunnskap om metodar som vert nytta i forsking og fagleg utviklingsarbeid
Ferdigheiter:
Studenten
- kan formulere ei sjukepleiefagleg problemstilling og drøfte den i lys av relevant teori, forsking, erfaringsbasert kunnskap og eventuelt empiri
- kan utføre systematiske litteratursøk
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
Generell kompetanse:
Studenten
- kan vurdere og nytte teori og forskingsresultat og knytte dette opp mot konsekvensar for sjukepleiepraksis
- kan forstå betydinga av nytenking og innovasjon
- kan vurdere etiske problemstillingar på individ- og samfunnsnivå
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161, SK199, SK155, SK169, SK170, SK162, SK163, SK164, SK151, SK157, SK166, SK167, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK165 må vere greidd før start på SK152. Emne SK165 og SK159 må vere greidd før sluttvurdering i SK152.
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Seminardagar
- Rettleiing på prosjektplan og bacheloroppgåva
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
1. Delta på seminar knytt til bacheloroppgåva
2. Delta på seminar knytt til litteratursøk/akademisk skriving
3. Delta på seminardag knytt til framlegg av utkast til prosjektplan
4. Godkjent prosjektplan
5. Delta på minst ei individuell/parvis rettleiing i skriveperioden
Vurderingsform
Bacheloroppgåve i sjukepleie. Individuell eller parvis skriftleg oppgåve. Bokstavkarakter A-F.
Ved karakteren F på bacheloroppgåva er det høve til å arbeide vidare med same problemstilling ved 2.gangs forsøk. Ved 3.gangs forsøk eller forbetring av karakter må ein levere heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Ved karakteren F har studentane rett på ny rettleiing. Nytt innleveringstidspunkt er saman med neste ordinære kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidlar tilletne
Meir om hjelpemiddel