Hopp til innhald

SYKDB140 Sjukdomslære og farmakologi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gjev brei kunnskap i sjukdomslære og farmakologi knytt til fysiske og psykiske sjukdommar, slik at ein kan identifisere pasienten sine behov og velge og grunngje sjukepleietiltak. Sjukdomslære omfattar både grunnleggande fellestrekk ved sjukdomsprosessar, sjukdommar og skade. Sjukdomslære omfattar årsaken til sjukdommen (etiologi), endringane som kan finnast i kroppen (patogenese), problema pasienten får (symptom), kliniske funn, korleis ein kan finne kva sjukdom pasienten har (diagnose), behandling av sjukdommen (terapi) og korleis ein forventar at sjukdommen utviklar seg (prognose).

Farmakologi er legemiddellære. Den generelle farmakologien omhandlar i hovudsak korleis legemiddel påverkar celler i kroppen (farmakodynamikk), korleis legemiddel vert tekne opp, transporterte, brotne ned og skilt ut av kroppen (farmakokinetikk). Farmakologi omhandlar også biverknadar av legemiddel og korleis legemidla kan påverke kvarandre sine effektar eller omsetnad (interaksjonar).

Emnet inneheld i tillegg følgande tema:

  • Smerter og smertebehandling
  • Forstyrringar i væske-, elektrolytt- og syre-base-balansen
  • Blodprodukt og transfusjonar
  • Traumatologi, brannskadar og forgiftingar
  • Anestesi, pre-, per- og postoperativ behandling, intensivmedisin

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten…

  • har brei kunnskap om dei vanlegaste symptom, sjukdommar, sjukdomsforløp og behandling
  • har brei kunnskap om dei vanlegaste psykiske lidingane og sjukdommane
  • har brei kunnskap om farmakologi relatert til sjukepleiaren sitt funksjons- og ansvarsområde
  • kjenner til behandling ved ulike skadar

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan beherske omgrep og terminologi i fagfeltet sjukdomslære
  • kan beherske omgrep og terminologi i fagfeltet farmakologi

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan formidle sentralt fagstoff i fagfelta

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emne SYK100, SYK110, SYK130 og SYK120P

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Multimodale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Sjukdomslære.
2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Farmakologi.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.
Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen gjennomføres i samme form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel