SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I emnet vert det gitt innføring i økonomisk teori og tankegang. Det blir gitt innføring i økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor. Vidare blir det gitt innføring i det å nyttegjere seg sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, i kalkulasjon, rekneskap og budsjett, samt i økonomistyring, resultatmåling og lønsemd.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Ha brei kunnskap om økonomisk teori og tankegang
- Ha inngåande kunnskap om sentrale økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor og kunne anvende denne på relevante problemstillingar
- Kjenne til eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining
Ferdighet:
- Kunne analysere planleggingsdokument som er relevante for eigen sektor og eiga driftseining
- Som leiar kunne bruke økonomisk teori på konkrete avgjerdssituasjonar i eiga driftseining
- Vere i stand til å analysere og forhalde seg kritisk til samfunnsøkonomiske lønsemdsvurderingar, herunder vurdering av nytten og kostnader ved innovasjonsprosjekt.
- Ha innsikt i den økonomiske situasjonen i organisasjonen og kunne prioritere internt ut frå avgrensa ressursar
- Kunne bruke budsjettet som planleggingsverktøy
Generell kompetanse:
- Studentane skal etter avslutta kurs ha fått ei grundig forståing og innsikt i offentleg sektor og teorien for økonomisk politikk og økonomisk styring, med vekt på sektorane helse, velferd og utdanning og dei skal vite korleis dei skal kunne sikre god ressursutnytting i eiga driftseining
- Kunne nytte nokre sentrale grunnomgrep i økonomisk teori i forståinga av ressursforvaltning i eiga driftseining
- Kunne kommunisere med kollegaer og leiarar i eigen organisasjon om nokre grunntrekk i velferdsstaten og offentleg sektors økonomiske grunnlag og økonomiforvaltning
- Kjenne til og kunne analysere eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining
- Kunne nytte sentrale omgrep som økonomistyring, lønsemd og resultatmåling i ei forståing av den offentlege leiarrolla.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, casediskusjonar, gruppearbeid og skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 3: Individuell innleveringsoppgåve.Mellom 1000 og 1500 ord.
Vurderingsform
Heimeeksamen - 8 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Omfang inntil 3500 ord. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter A - F der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær kan kandidaten melde seg til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren må kandidaten vente til neste neste gong ordinær eksamen vert arrangert (neste haust). Kandidaten melder seg då til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddel