Hopp til innhald

YFL802 Vurderingspraksis og læreplanforståelse (del 1)

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurdering. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle undervisningspraksis i deltakarane sine undervisningsfag (programfag og yrkesfagleg fordjuping) på yrkesfaglege utdanningsprogram. Studiet vil fokusere på ulike vurderingsformer og særskild formativ vurdering (vurdering for læring), utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga.

Sentrale tema studiet:

  • Vurdering for læring, formativ vurdering og summativ vurdering i yrkesfag
  • Arbeid med mål og kriterium som grunnlag for vurderingsarbeid
  • Samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon
  • Elevmedverknad og eigenvurdering
  • Demokrati og medborgarskap knytt til vurdering
  • Vurdering i ulike læringskontekstar
  • Samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeid
  • Digitale verktøy i vurderingsarbeid
  • Etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen

Vi vil særskild arbeide med samanhengar mellom undervegsvurdering i fagfornyinga og perspektiv på formativ vurdering, djupnelæring og elevmedverknad.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om styringsdokument og rammer for arbeidet med vurdering på yrkesfaglege program
  • har kunnskap om ulike perspektiv på vurdering for læring og formativ vurdering
  • har kunnskap om samanhengar mellom vurdering, læring og motivasjon
  • har kunnskap om arbeid med kompetansemål, vurderingskriterium og kjenneteikn på måloppnåing
  • har kunnskap om elevmedverknad og elevane si eigenvurdering

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan arbeide med vurdering for læring på ulike læringsarenaer
  • kan bruke digitale verktøy i vurderingsarbeidet
  • kan leggje til rette for læring gjennom formativ undervegsvurdering
  • kan arbeide med å fremje elevmedverknad i vurderingsarbeidet
  • kan samarbeide med ulike aktørar i vurderingsarbeidet

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere kring eigen og skulen sin vurderingspraksis
  • kan vidareutvikle vurderingsarbeidet ved eigen skule for elevane si læring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil ta utgangspunkt i studentane sine yrkeserfaringar, og kunnskapar som er viktige for å utvikle sin vurderingspraksis innanfor yrkesfaglege program. Studentane blir organisert i nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar knytt til vurdering, og med nettstøtta rettleiing og oppfølging frå HVL. Progresjonen i studiet vert bygd opp rundt sentrale prinsipp for formativ vurdering/ vurdering for læring og undervegsvurdering.

Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av læringsaktivitetar i studiet.

Det vert lagt vekt på utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, som studentane kan bruke med sine elevar, og HVL brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet.

Studiet har tre samlingar på campus.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
  • Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
  • Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
  • Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.   

Vurderingsform

Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i utprøvingar av vurderingsmetodar og verktøy i sin undervisningspraksis.

Karakter: Greidd/ikkje greidd.

Vert organisert som eksamenskonferanse på campus. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet. Eksamen er open for samarbeidspartnarar frå næringslivet, representantar frå skuleeigar og PPU-studentar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel