Hopp til innhald

YFL808 Læringsleiing, relasjonskompetanse og elevmedverknad

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar si læringsleiing gjennom auka relasjonskompetanse og styrka elevmedverknad. Emnet gir innføring i teoriar om relasjonskompetanse og meiningsfylt læring og i metodar for rettleiing og kommunikasjon som fremjar inkludering, elevmedverknad og lærelyst i tråd med Læreplanen Kunnskapsløftet 2020.

Kunnskap om korleis rettleie og leggje til rette for eit trygt og meiningsfylt læringsmiljø der elevane i ei mangfaldig elevgruppe opplever sosial og fagleg tilhøyrsle, tryggleik, lærelyst  og tru på eiga meistring står sentralt. Studiet tek sikte på å auke deltakarane sin relasjonskompetanse og kompetanse i å rettleie og tilpasse opplæringa for ei mangfaldig elevgruppe.

Studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, og legg opp til høg deltakartaktivitet. Det er òg eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten 

  • skal ha kunnskap om eigen relasjonskompetanse og betydning av ein inkluderande atmosfære for elevanes lærelyst og engasjement
  • skal ha kunnskap om etikk og makt i rettleiing og undervisning
  • skal ha kunnskap om kommunikasjon og rettleiing som fremjar elevmedverknad, engasjement, kritisk tenking  og tru på eiga meistring
  • skal ha kunnskap om betydning av anerkjenning og sårbarheit i sosial utvikling og opplæring

Ferdigheiter:

Studenten

  • skal kunne evaluere eigen relasjonskompetanse og påverknad på elevens tryggleik, medverknad og lærelyst
  • skal kunne skape eit trygt, meiningsfult og inkluderande læringsmiljø i eit mangfaldig læringsfellesskap
  • skal kunne byggje relasjonar og etablere dialogar, god kommunikasjon og lytting med elevar og kollegaer om elevane si læring
  • skal kunne bruke og analysere rettleiing som fremjar sosial tryggleik, sjølvstende og meistringsforventning hjå ulike elevgrupper på yrkesfaglege program
  • skal kunne planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere eiga undervisning i mangfaldige elevgrupper med fokus på å leggje til rette for relasjonsbygging, elevmedverknad og lærelyst

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • skal kunne analysere, justere og reflektere kritisk over eigen praksis som rettleiar og lærar
  • skal kunne reflektere over betydninga av profesjonelt skjønn i læringsleiing
  • skal kunne bruke relasjons- og rettleiingskompetanse for å motivere elevar på yrkesfaglege program og leggje til rette for eit inkluderande og meiningsfullt læringsmiljø i ei mangfaldig elevgruppe
  • skal kunne formidle og drøfte sentrale tema innanfor fagområdet læringsleiing, relasjonskompetanse og elevmedverknad
  • skal kunne vere nytenkande og innovativ og kunne dele kunnskap og metodar med kollegaer på eigen arbeidsplass

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer, og studentane må rekne med høg deltakartaktivitet. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av arbeidskrava i studiet. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane jobbar studentane i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar av metodar og verktøy knytt til relasjon, lærelyst (læringsglede) og inkludering. HVL brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform.

Tilbodet er delvis nettbasert med to fysiske og ei digital samling à to dagar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
  2. Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
  3. Presentasjon av erfaringar frå arbeidskrava i studiet for kollegaer på eigen skule
  4. Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.   

Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen med utgangspunkt i dokumentasjonen av eiga utprøving og refleksjon.

Eksamen blir gjennomført på zoom som ein ein-dagskonferanse.

Karakter: Greidd/ ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel