Hopp til innhald

YFL809 Yrkesretting av programfag og fellesfag

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Studiet handlar om korleis lærar kan gjera yrkesopplæringa på Vg1 og breie Vg2 meir relevant, gjennom å yrkesretta program- og fellesfaga. Studiet handlar også om korleis yrkesfag- og fellesfaglærarar kan etablera gode samarbeidsarenaer, for å sikra elevane relevant yrkesopplæring.

Studiet gir innføring i prinsipp for yrkesretting av programfag og fellesfag i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Sentrale tema er læreplanforståing i eit yrkesfokus, motivasjon, elevmedverknad og samhandling mellom lærarar på tvers av skulefag. Det blir lagt vekt på utprøving av yrkesretting i arbeidskrava. Fagfornyinga og overordna del av læreplanverket vil ligge til grunn for arbeidet i studiet.

Vidareutdanninga er delvis nettbasert med to samlingar på campus Sogndal og ei nettbasert samling våren 2022. Emnet vert knytt til HVL sine yrkesfagmiljø på tvers av campusar.

Gjennom studiet skal studentane mellom anna:

  • analysere og reflektere kritisk over eigen undervisningspraksis i fag- og yrkesopplæringa
  • prøva ut yrkesretting for å involvera og motivera elevar på yrkesfaglege Vg1 og Vg2
  • legge til rette for interessedifferensiert opplæring i ei mangfaldig elevgruppe
  • vere nytenkande og innovativ i læringsarbeidet for å styrka elevane sin motivasjon
  • samhandle med kollegaer på tvers av fag
  • prøve ut relevante rettleiingsmetodar for å fremja lærings- og meistringskompetanse i eiga elevgruppe
  • utvikle perspektiv og teknikkar for samhandling i skulen og med arbeidsliv

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om korleis leggja til rette for yrkes- og interessedifferensiert opplæring i ei mangfaldig elevgruppe
  • har kunnskap om arbeid med djupnelæring gjennom arbeid med yrkesretting og tverrfaglege tema
  • har kunnskap om faget Yrkesfagleg fordjuping si rolle som arena for yrkesretting, relevans i yrkesopplæringa og for samarbeid med arbeidslivet

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan analysere eigen undervisningspraksis og samhandlingskompetanse
  • kan velje og nytte yrkesretta arbeidsmåtar for å fremja lærings- og meistringskompetanse i eiga elevgruppe
  • kan planleggje, grunngje, gjennomføra og evaluera yrkesretta undervisning på yrkesfagleg Vg1 og Vg2
  • kan nytta elevmedverknad for å involvera og motivera elevar på yrkesfaglege Vg1 og Vg2

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektera kritisk rundt eiga undervisning, yrkesretting og elevmedverknad
  • kan samhandle med kollegaer på tvers av fag og med arbeidsliv for å sikra ei heilskapleg og relevant yrkesopplæring
  • kan tenkje nytt og innovativ i læringsarbeidet for å styrka elevane sin motivasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet bygger på deltakarane sine fagutdanningar, yrkeserfaring og profesjonspraksis. Studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og undervisningspraksis og vere praksisnært. Det er eit mål at studentane gjennom erfaring frå obligatoriske læringsaktiviteter og erfaringsdeling på samlingane kan bidra til nytenking og innovasjon på eigen arbeidsplass/skule.

Vi har førelesingar, gruppearbeid, erfaringsutveksling, gjesteførelesarar og diskusjonar. Obligatoriske læringsaktiviteter er knytt til utprøvingar i eigen klasse mellom samlingane. Fagfornyinga blir integrert i studiet gjennom fokusområdet djupnelæring i yrkesfag med utgangspunkt i yrkesretting, elevmedverknad og samhandling mellom programfag- og fellesfaglærarar.

Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta aktivt del i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av obligatoriske læringsaktiviteter i studiet. 

Vi vektlegg utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer som studentane kan bruke med sine elevar, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet. Innhald og gjennomføring skal tilpassast studentane sin arbeidssituasjon og vil bli planlagt i tett samarbeid med studentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav

  1. Utprøving og dokumentasjon av yrkesretta undervisning i eigen praksis, mellom samling ein og to.
  2. Utprøving og dokumentasjon av yrkesretta undervisning i eigen praksis, mellom samling to og tre.
  3. Presentasjon av erfaring frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
  4. Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.  

Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdeling er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vera gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i nettverksgruppe.

Karakter: Greidd/ ikkje greidd

Eksamenskonferanse på campus. Studenten skal dele erfaring og refleksjon frå studiet om korleis ny kunnskap og erfaring kan nyttast i undervisningspraksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel