Å-KRØ130 Idrett/kroppsøving 1
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Eit årsstudium i idrett/kroppsøving kan utgjere 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskulelærarutdanningane. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, motorikk, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, medborgarskap, aktivitetslære, treningslære, bevegelseslære, anatomi, fysiologi, kroppsleg læring. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.
- Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, leik, motorikk, friluftsliv, aktivitetslære, treningslære, anatomi, fysiologi, bevegelseslære og helse.
- Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Leik, motorikk, idrett, dans, symjing og friluftsliv.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos barn og unge
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur
Ferdigheiter
Studenten:
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse og vidareutvikla desse innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving og i formidling av ulike bevegelsesaktivitetar til barn og unge
- kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for barn og unge i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
- kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
- kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
- kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten:
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
- kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, bidra til utvikling av god praksis og eigen lærarrolle
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og idrett
- kan bidra til å sjå kroppsøving og arbeid med idrett i tverrfaglege perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:
- Førelesing
- Problembasert læring i grupper eller individuelt
- Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
- Eigenaktivitet
- Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
- Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
- Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
- Rettleiing individuelt eller i grupper
Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.
Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle dei obligatoriske læringsaktivitetane vera godkjente
- Praktisk-metodiske undervisningsoppgåver
- Friluftsliv med overnatting
- Akademisk lesing og skriving: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar
- Det vil vere krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar
Semesterplanen vil gi retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane.
I samband med ekskursjonar og turar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emnet ca 300kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Obligatoriske læringsaktivitetar må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
- Oppgåve tel 40 % av endeleg karakter
- Praktisk eksamen tel 60% av endeleg karakter. Studenten skal planleggja og gjennomføra eit undervisningsopplegg, som inkluderer eit refleksjonsnotat og ein fagleg samtale i etterkant.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel