Hopp til innhald

Å-KRØ230 Idrett/kroppsøving 2

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhold og oppbygning

Eit årsstudium i idrett/kroppsøving kan utgjere 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskulelærarutdanningane. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt står utvikling av undervisningskompetanse/trenarkompetanse knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslege erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein kunne tilpassa undervisninga/treninga til den enkelte elev/utøvar sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera eleven/utøvaren si læring og utvikling og kunne gje læringsfremjande/prestasjonsfremjande tilbakemeldingar. Ein skal også læra korleis ein som kroppsøvingslærar og trenar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle/trenarrolle. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving/trening står sentralt i emnet. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.

  • Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, vurdering, til passa opplæring, idrett og samfunn, forskingsmetodar og forsking og utviklingsarbeid, friluftsliv, aktivitetslære.
  • Faglege praktiske emne: Aktivitetslære: Idrett, dans, symjing og friluftsliv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil hjå elevane
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for barn og unge
  • har kunnskap om kroppen (anatomi, fysiologi) og kroppen i bevegelse (rørslelære), spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar
  • har kunnskap om vurdering og dokumentasjon av læring i kroppsøving.
  • har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving.
  • har kunnskap om profesjonsretta og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving og idrett

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
  • kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning og læring i ulike bevegelsesaktivitetar
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette som trenar og i undervising i kroppsøving 
  • kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving og i ulike idrettar
  • kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse/trenarkompetanse
  • kan nytte kunnskap med formål om å inkludera alle elevane i kroppsøving/idrett
  • kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan kommunisera med elevar/utøvarar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget/trening
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving, fysisk aktivitet i skulen og innan idrettslag
  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving

Krav til forkunnskaper

 Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Byggjer på Idrett/kroppsøving 1.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:

  • Førelesing
  • Problembasert læring i grupper eller individuelt
  • Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
  • Eigenaktivitet
  • Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
  • Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
  • Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
  • Rettleiing individuelt eller i grupper

IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.

Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle dei obligatoriske læringsaktivitetane vera godkjent.

  • Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve
  • Friluftsliv med overnatting
  • Praktisk-metodiske undervisningsoppgåver
  • Det vil vera krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar

Semesterplanen vil gi retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane.

I samband med ekskursjonar og turar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emnet ca 2000 kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Obligatoriske læringsaktivitetar må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

  • FoU-oppgåve tel 25 % av endeleg karakter.
  • Individuell skriftleg skuleeksamen 5 timar tel 25% av endeleg karakter.
  • Praktisk eksamen tel 50% av endeleg karakter. Studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over fagdidaktiske problemstillingar og ein fagleg samtale med sikte på å utvikle eiga undervisning og læring i kroppsøving.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen

Mer om hjelpemidler