Å-SAMF115 Samfunnsfag 1a
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Samfunnsfagstudiet omfattar fagdisiplinane historie og geografi og fagområdet samfunnskunnskap. Studiet skal kvalifisere studenten til å kunne arbeide sjølvstendig både med fagspesifikke og didaktiske utfordringar.
Faget skal settast inn i eit fagdidaktisk perspektiv. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til undervisning og didaktisk refleksjon skal studentane utvikle evne til å fremme samfunnsbevissthet og interesse for faget.
Samfunnsfagsstudiet er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.
I dette emnet vert det lagt vekt på at studenten tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og kompetansar som grunnlag for framtidig arbeid som lærar. Fokuset ligg på sentrale tema innanfor hovudområda i samfunnsfag.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om vitskaplege teoriar teori og metodar i samfunnsfag
- har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet
- har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
- har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
- har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling, historisk utvikling og berekraft
- har kunnskap om historiske globale prosesser som har konsekvenser fram til i dag
- har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
- ha kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie
Ferdigheiter
Studenten:
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag i skulen, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med alle elevar
- kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikla grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
- kan finne søkje, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten:
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeid og munnleg framføring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege og munnlege obligatoriske læringsaktivitetar.
Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane blir spesifisert i semesterplanen.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Oppgåva skal vere på 2000 ord. Tid for ut- og innlevering av eksamen vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel