Å-SAMF415 Samfunnsfag 2b
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Samfunnsfaget byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Studiet skal kvalifisere studenten til å kunne arbeide sjølvstendig både med fagspesifikke og didaktiske utfordringar. Faget er retta mot mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfagelege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FoU-oppgåve. Tema for FoU-oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Deler av pensum er på engelsk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har, i tilknyting til arbeid med FoU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag
- har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad
Ferdigheiter
Studenten:
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Å-SAMF115 og Å-SAMF215
Undervisnings- og læringsformer
Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeide, gruppearbeid, ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Kandidaten skal leggja fram utkast til FoU-oppgåve for medstudentar og faglærar.
* Ein obligatorisk læringsaktivitet som vil bli spesifisert ved semesterstart
Obligatoriske læringsaktivitetar må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgave og ein munnleg eksamen.
FoU-oppgåva/semesteroppgåva utgjer 50 % av endeleg karakter, og munnleg eksamen utgjer 50 % av endeleg karakter.
Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.
Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel