Å-SAMF415 Samfunnsfag 2b
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfaglege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FoU-oppgåve. Tema for FoU-oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Deler av pensum er på engelsk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har, i tilknyting til arbeid med FoU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag
- har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremje kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FoU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggje til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- kan leggje til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Å-SAMF115 og Å-SAMF215
Undervisnings- og læringsformer
Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeide, gruppearbeid, ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Studenten skal leggje fram utkast til FoU-oppgåve for medstudentar og faglærar.
- Ein obligatorisk læringsaktivitet som vil bli spesifisert ved semesterstart
Obligatoriske læringsaktivitetar må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
- Del 1: FoU-oppgåve, inntil 4000 ord. Tel 50 % av endeleg karakter.
- Del 2: Munnleg eksamen, 30 minutt. Tel 50 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1 - FoU-oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate.
Del 2 - Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel