Hopp til innhald

ABLUPR101 Praksis 1. år ABLU

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Praksis i fyrste studieår på arbeidsplassplassert barnehagelærarutdanning (ABLU) er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus er studenten si leiing av seg sjølv og barna.

Læringsutbytte

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Studenten skal ha tilsaman 3 leiardagar (minimum) i praksis fyrste studieår.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

All praksis blir gjennomført i barnehage.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

30 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.

Praksis er delt i to:

  • 25 dagar i barnehage
  • 5 dagar i grunnskule/SFO.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Vurderinga er delt i to delemne, med kvar si sluttvurdering:

  • 25 dagar i barnehage
  • 5 dagar i grunnskule/SFO

Begge delane må vere bestått for å få bestått praksis 1. studieår. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast på nytt åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel