ABLUPR401 Praksis 4. år - ABLU
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis i fjerde studieår på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er på 10 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus: studenten si vidarautvikling av profesjonsretta kompetanse.
Læringsutbytte
Studenten skal i fjerde studieår vidareutvikle profesjonsretta kompetanse som å:
- kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
- stå fram som pedagogisk leiar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga knytt til fordjupinga spesielt
Krav til forkunnskapar
Praksis tredje studieår (ABLUPR301) må vere bestått før du kan starte denne perioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Studenten kan ha praksis på eigen arbeidsplass under forutsetning av at studenten får veiledning, variert og vurdert praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
10 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 10 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studentens sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel