ANE510 Anestesisjukepleie. Kvalitet og fagleiing
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar stressreaksjonar og meistringsstrategiar hjå akutt kritisk sjuke pasientar og deira pårørande. Vidare er anestesisjukepleiaren sitt funksjonsområde i arbeidet med å førebygge/redusere stress. Emnet omhandlar profesjonell identitetsdanning og den historiske utviklinga til anestesisjukepleiaren. Fagleg leiing, pedagogisk kompetanse, økonomiske og organisatoriske forhold som har betydning for utøving av anestesisjukepleie er òg vektlagt i emnet.
Emnet omhandlar grunnlaget for å vurdere dagens praksis i anestesisjukepleie, basert på best tilgjengelege kunnskap og forsking, samt samanhengen mellom fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, stress og pasientsikkerheit.
- Anestesisjukepleia si historie, identitetsdanning, funksjon, og ansvarsområde
- Møte med den akutt kritisk sjuke
- Sjukdomsforståing, pasientmedverking og pasienterfaringar
- Organisering av helse- og omsorgstenesta
- Opplevingar, reaksjonar og meistringsstrategiar hos pasientar og pårørande i alle aldrar(pasienterfaringar)
- Profesjonens etiske retningsliner, relevante lover og forskrifter
- Fagleg leiing
- Dokumentasjon
- Stressreaksjonar og meistringsstrategiar, førebygging/redusering av arbeidsbelastningar
- Pasientsikkerheit
- Kommunikasjon
- Språk og kulturkompetanse
- Pedagogiske prinsipp
- Fagspesifikt og tverrfagleg samarbeid
- Forskings- og kvalitetsarbeid
Emnet er bygd opp rundt anestesisjukepleia sitt grunnlag i kritisk tenking, analyse, etiske retningslinjer, aktuelle lover og forskrifter, kultur samt sentral teori og forsking.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiterog generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har inngåande kunnskap om anestesisjukepleia si profesjonelle identitetsdanning, eigenart, fagområdet si historie, tradisjon og plass i samfunnet
- har avansert kunnskap om akutt og/eller kritisk sjuke, frå det premature barnet til den komplekse pasienten med samansette lidingar
- har avansert kunnskap om kommunikasjon, opplevingar, reaksjonar ogmeistringsstrategiar hos pasientar og pårørande
- har inngåande kunnskap om helsekompetanse, kva betydning kultur- og språkbakgrunnhar for sjukdomsforståing, pasientmedverknad og pasienterfaringar innananestesisjukepleie
- har inngåande kunnskap om fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, stressreaksjonar ogmeistringsstrategiar, og korleis arbeidsbelastningar kan førebyggast og reduserast
- har inngåande kunnskap om pasientsikkerheitsteori, kvalitets- og forbetringsmetodikk, og innovasjon innafor anestesisjukepleie
- har inngåande kunnskap om betydninga av fagspesifikt og tverrfagleg samarbeid og kommunikasjon, på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå• har inngåande kunnskap om leiing av eige fagområde
- har inngåande kunnskap om helse- og omsorgstenestene si organisering, profesjonensetiske retningslinjer, relevante lover og forskrifter, inkludert krav til dokumentasjon av anestesi
- har avansert kunnskap om pedagogiske prinsipp i undervisning og rettleiing til kollegaer og studentar
- har spesialisert innsikt kunnskapsbasert praksis og i metodiske tilnærming i forskings- og kvalitetsarbeidet innan det aktuelle feltet
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan sjølvstendig bruke anerkjente pedagogiske prinsipp til å rettleie og undervise
- kan analysere og forholda seg kritisk til kunnskap om kommunikasjon og meistringsstrategi for å ivareta pasient og pårørande
- kan bruke pedagogiske prinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar og kollegaer
- kan analysere og forholda seg kritisk til utvikling, nytenking og innovasjon
- kan analysere uønskte hendingar og bidra til systematisk læring
- kan analysere og forholda seg kritisk til forskings-, bruker- og erfaringskunnskap for å medverke til utvikling av tenesta
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan analysere kliniske problemstillingar i lys av profesjonen sine etiske retningsliner
- kan analysere og kritisk vurdere nasjonale og internasjonale retningsliner si betyding for faget, og sette det inn i ein kontekst for anestesisjukepleiaren si rolle i helsetenesta
- kan analysere og ta sjølvstendig stilling i etiske dilemma
- kan analysere og kritisk vurdere samspelet mellom faget sine historiske tradisjonar, samfunnet sitt behov og helsetenesta si utvikling
- kan bidra til god pasientsikkerheitskultur og eit godt arbeidsmiljø for å ivareta pasient, pårørande og kollegaer ved uønskte hendingar og forebygge pasientskader
- kan analysere og vurdere eigekompetansenivå og konsultere relevant personell ved behov
- kan analysere komplekse og kritiske situasjonar i samsvar med helselovgiving og profesjonsetikk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i emnet med ressursforelesningar, digitale læringsformer, gruppearbeid, studentpresentasjonar, observasjonspraksis, rettleiing individuelt og i grupper og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Ei veke praksisstudium
- Gruppearbeid med studentpresentasjonar og medstudentrespons
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to påfølgande semestera.
Vurderingsform
Oppgåve i gruppe
Grupper på 2-3 studentar og dei får utlevert oppgåve ved oppstart av emnet. Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg.
Omfang: Inntil 2500 ord.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått oppgåve må studenten skrive ei ny oppgåve til ny eksamen
Bestått gruppeeksamen kan ikkje forbetrast.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel