Hopp til innhald

ANE511 Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Sentrale tema i emnet er patofysiologi, farmakologi, anestesiologi,mikrobiologi, hygiene, smittevern og intensivmedisin relatert til pasientar i alle aldersgrupper.Smertefysiologi, lindring av akutte og kroniske smerter og palliasjon er og sentrale tema. Emnetlegg vekt på samanhengen mellom organfunksjon og patofysiologiske prosessar og behandling.Sentralt er samanhengen mellom pasienten sin tilstand, det kirurgiske inngrepet og korleis detpåverkar val av anestesimetode.

Emnet er bygd opp rundt pasienten sin tilstand, det kirurgiske inngrepet, val av anestesimetode,smertefysiologi, lindring av akutt smerte og palliasjon.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap,

ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• har avansert kunnskap i aldersfysiologiske/patofysiologiske særtrekk og endring frå det premature barnet til vaksne og eldre

• har spesialisert innsikt i farmakologi og legemidlar som vert brukt ved anestesi, avansert smertebehandling og palliasjon

• har avansert kunnskap i anestesiologi

• har spesialisert innsikt i vasoaktiv behandling, væskebehandling og transfusjonar

• har spesialisert innsikt i generell anestesi, regionale og sentrale blokadar• har inngåande kunnskap om akuttmedisinske og intensivmedisinske tilstander

• har inngåande kunnskap om relevant mikrobiologi, infeksjonssjukdommar, antibiotikabehandling og resistensutvikling nasjonalt og globalt

• har inngåande kunnskap om smittevern og infeksjonsforebyggande tiltak

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan analysere og vurdere sjukdom/tilstand sin påverknad for val av anestesimetode

• kan analysere anestesimetode sin påverknad av pasienten sin tilstand

• kan analysere og vurdere risiko for komplikasjonar, analysere og vurdere nødvendige tiltak

Generell kompetanse:

Studenten…

• kan vurdere ulike metodar for å ivareta god pasientomsorg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ANE510 Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing ianestesisjukepleia

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i emne. I dette inngår ressursførelesningar, gruppearbeid, studentpresentnasjonar, sjølvstudium, digitale læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Føljande obligatoriske læringsaktivitet må være godkjent for at studenten kan framstille seg tileksamen:

1. Skriftleg oppgåve knytt til kritisk tenking og analyse av samanheng mellom pasienten sin tilstand og val av anestesimetode. Munnleg framlegg av oppgåva.

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to påfølgande semestera.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen

Omfang på 3 timar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk:

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator

Meir om hjelpemiddel