ANE512 Anestesisjukepleie som fag og funksjon. Observasjons,-vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar tekniske og ikkje-tekniske ferdigheiter (NANTS) knytt til situasjonsbevisstheit, observasjons- vurderings- og avgjerdskompetanse. Vidare omhandlar emnet kompetanse i relevante metodar for systematisk klinisk undersøking. Emnet legg vekt på grunnleggande krav til utøving av anestesisjukepleie, og omhandlar den akutt og kritisk sjuke pasienten prehospitalt og i sjukehus. Emnet omhandlar også anestesived ulike kirurgiske inngrep, undersøkingar og/eller behandling. Sentralt er innleiing, gjennomføring og avslutning av anestesi og vurdering av risiko for, og førebyggekomplikasjonar ved anestesi.
Emnet er bygd opp rundt bruk av relevante metodar for å etablere intravaskulær og intraossøs tilgang, bruk av anestesiapparat og anna elektromedisinsk utstyr.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap,
ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har avansert kunnskap om metodar ved preanestetisk vurdering, førebuing og gjennomføring av generell anestesi, regional-, lokal anestesi og sedasjon
• har avansert kunnskap anestesimedikament tilpassa den unike pasienten i alle aldrar og medisinske tilstand
• har avansert kunnskap om metodar for overvaking av vitale funksjonar
• har avansert kunnskap om medikamentrekning
• har avansert kunnskap om tekniske og ikkje-tekniske ferdigheiter
• har spesialisert innsikt i intravaskulær og intraossøs tilgang og ultralyd veileda intravaskulær tilgang
• har spesialisert innsikt i ventilasjon og vurdering og sikring av luftvegar
• har inngåande kunnskap om anestesisjukepleiaren si rolle ved pandemier, beredskap- og krisehandtering ved større ulykker, terror og i krigs- og katastrofeområde
• har spesialisert kunnskap om i funksjon, kontroll og bruk av avansert medisinsk utstyr innafor anestesi
• har inngåande kunnskap om kirurgiske metodar og leiring av pasient under anestesi
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan bruke relevante metodar i gjennomføring av systematisk klinisk undersøking
• har avanserte tekniske ferdigheiter i å oppretthalde frie luftvegar og ventilasjon ved bruk av maske/bag, supraglottiske hjelpemiddel og tracheal intubasjon
• kan bruke relevante metodar for å etablere intravaskulær og intraossøs tilgang
• kan analysere og vurdere risiko for komplikasjonar og vurdere forebyggande tiltak i anestesi
• kan funksjonsteste, kontrollere og bruke anestesiapparatet inkludert ulike ventilasjonsmodus og anestesisystem
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan analysere kliniske problemstillingar i lys etiske retningsliner relatert til profesjonen
• har avansert kunnskap om lover og forskrifter knytt til bruk av medisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevant for yrkesutøving
• kan bruke relevante metodar til å leie og organisere eige arbeid
Krav til forkunnskapar
Ane 510 må vere bestått for å gå opp til eksamen i emnet Ane512
Tilrådde forkunnskapar
Bestått emna ANE510: Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing ianestesisjukepleia og ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisini anestesisjukepleia
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i emnet med ressursforelesningar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, digitale læringsformer, sjølvstudium, ei veke praksisstudium,ferdigheitstrening og simulering.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent for at studenten kan framstille seg til
eksamen:
1. Gruppearbeid med framlegg m/medstudentrespons
2. Ferdigheitstrening/simulering
3. Medikamenttest
4. Praktisk test
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to dei påfølgande semestera.
Vurderingsform
Heimeeksamen 1 veke fredag-fredag
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt
https://www.hvl.no/Vestibylen/undervising/utdanning--forside/eksamen/pa-eksamensdagen/hjelpemiddel-ved-eksamen/
Meir om hjelpemiddel