Hopp til innhald

ANEP513 Utøvande anestesisjukepleie Pasientsikkerheit, teknologi, digital kompetanse

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar utvikling av funksjonsdyktigheit og handlingskompetanse innan anestesisjukepleie, og samanhengen mellom fagutøving og fagforståing. Emnet legg vekt på anestesisjukepleie til pasientar utan eller med moderat organisk liding (ASA 1 og ASA2). I emnet vert det lagt vekt på kontroll og bruk av anestesiapparat og anna elektromedisinsk utstyr, og spesialisert kompetanse i å planlegge og administrere eige arbeid og utføre ferdigheiter og prosedyrar med presisjon og nøyaktigheit. Ikkje-tekniske ferdigheiter vert vektlagt. Pasienten si sikkerheit er sentralt i emnet

  • Førebygging av pre-, per- og postanestetiske komplikasjonar
  • Dokumentasjons- og informasjonsteknologi
  • Organisering av anestesisjukepleiarane sine oppgåver og funksjon i avdelinga
  • Postoperativ overvaking og sjukepleie
  • Administrasjon av medikament

Emnet er bygd opp rundt utviklinga av erfaring og kompetanse i dei vanlegaste medikament brukt tilgenerell, regional og lokal anestesi til friske pasientar eller pasientar med moderat organisk liding som ikkje medfører spesielle forholdsreglar eller anestesitekniske tiltak.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter oggenerell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har avansert kunnskap om anestesi til funksjonsfriske pasientar
  • har avansert kunnskap om ulike anestesimedikament og anestesimetodar

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan med rettleiing gjennomføre generellanestesi, innleiing, vedlikehald og avslutning på funksjonsfriske pasientar
  • kan overvake funksjonsfriske pasientar i regional og lokal anestesi og vurdere og handtere komplikasjonar
  • kan bruke relevante metodar i gjennomføring av systematisk klinisk undersøking og i rettleiing observere, monitorere og vurdere pasienten, samt foreslå nødvendige tiltak i gjennomføring av anestesi
  • har tekniske ferdigheiter i å etablere fri luftveg og oppretthalde fri luftveg og ventilerepasient med maske/bag, supraglottiske hjelpemidlar, og tracheal intubasjon til barn og vaksne
  • kan analysere, forstå og tolke digitale parameter opp mot kliniske funn
  • kan analysere anestesisjukepleiaren sitt kompetanseområde og sjølvstendig anvenderelevant kunnskap innanfor fagområdet
  • kan kritisk analysere og anvende egen kompetanse og situasjonsforståing for å yteomsorg, fremme helse og velvære for den enkelte pasient, i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer og rammer for yrkesutøvinga
  • kan bruke relevante verktøy for å dokumentere anestesiforløp og anestesisjukepleie

Generell kompetanse:

Studenten…

  • har spesialisert innsikt i funksjon, kontroll, bruk og vedlikehald av avansert medisinsk utstyr innafor anestesi- og akuttmedisin for å kunne handtere avvik og ivareta pasientsikkerheit
  • kan analysere og vurdere eige kompetansenivå og konsultere relevant personell ved behov

Krav til forkunnskapar

Godkjent arbeidskrav ferdigheitstrening/ simulering og praktisk test i ANE512 - Anestesisjukepleie som fag- og funksjon. Observasjons-, avgjerds- og handlingskompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått emna ANE510: Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing ianestesisjukepleia, ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin ianestesisjukepleia og ANE512: Anestesisjukepleie som fag og funksjon. Observasjons,-vurderings-,avgjerds- og handlingskompetanse

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på pasientsikkerheit, teknologi, digital kompetanse Dagleg rettleiing frå anestesisjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinsitutsjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar. Eit refleksjonsnotat kvar veke. Framstilling av litteraturgrunnlaget for ei gitt problemstilling med relevans for utøving av anestesisjukepleie.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Deltaking på klinikksamlingar
  2. Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale og ei sluttevurderingssamtale

Vurderingsform

Deleksamen: Vurderinga er todelt, og begge delar må vere bestått for å bestå emnet.

  • Del 1. Praksisstudium
  • Del 2. Individuell skriftleg oppgåve. To studentar kan samarbeide om felles oppgåve, max 750 ord

Vurderingsuttrykk

Bestått/ikkje bestått

Ny eksamen

  • Ved ikkje bestått del 1, må heile praksisperioden gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart
  • Ved ikkje bestått oppgåve, del 2, må studenten skrive ei ny oppgåve .

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel