Hopp til innhald

BØ6-2007 Vidaregåande finansrekneskap

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grundig innføring i det teoretiske fundamentet for finansrekneskapet. Emnet tek opp sentrale begrep, prinsipp og reglar i god rekneskapsskikk (GRS) og internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS).

Emnet byggjer på studentane sine kunnskaper frå tidlegare rekneskapskurs, men tek i større grad utgangspunkt i grunnleggjande teori. Det vert trekt parallellar mellom norsk og internasjonal rekneskapsregulering, inkludert konseptuelle rammeverk.

Emnet gir og ei innføring i konsernrekneskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • Har forståing for og kan reflektere over brukergruppene sine informasjonsbehov
  • Har forståing for og kan reflektere over resultat- og balanseorientering
  • Har forståing for og kan reflektere over det konseptuelle rammeverket til IFRS
  • Har forståing for og kan reflektere over det teoretiske grunnlaget for dei grunnleggande rekneskapsprinsippa og god rekneskapsskikk
  • Har forståing for og kan reflektere over internasjonal rekneskapsutvikling
  • Kjenner formålet med og hovudprinsippa ved utarbeiding av konsernrekneskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • Kan nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar

Generell kompetanse:

Studenten

  • Kan tileigne seg oppdatert kunnskap på området
  • Kan formidle sentralt fagstoff
  • Kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar

Krav til forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning vil være forelesingar med oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

To skriftlige arbeidskrav. Godkjente arbeidskrav er alltid gyldige.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 4 timer. Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F (der F er ikke bestått)

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator, Norges lover.

Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna).

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-2000 - Finansrekneskap 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 6 studiepoeng