BØ6-2008 Internship i økonomi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Gjennom praktiske og autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og rettleiing skal studenten tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet knytt til det bedriftsøkonomiske fagområde. Relevant praksis er arbeid i økonomiavdeling, rekneskapsførar, revisor, bank, forsikring og finans. Emnet skal bidra til at studenten får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semester, og kopla denne mot praksis innanfor det bedriftsøkonomiske området.
Praksis i verksemda skal ha eit omfang på minst 120 timar (7,5 sp). Studenten må sjølv ta ansvar for å få tilstrekkeleg med praksistimar. Det skal utarbeidast kontrakt som regulerer ansvar og oppgåve mellom utdanningsinstitusjon, student og praksisverksemd. Verksemda stiller med ein fagleg rettleiar som har ansvar for oppfølging av studenten.
Studenten må søke på praksisplass og gjennomføre intervju med praksisverksemd. Praksisplass skal godkjennast av høgskulen. Det vil bli gjennomført eit obligatorisk oppstart seminar der krav til praksisrapport vil bli gjennomgått. I tillegg vil det i dette seminaret bli tydeleggjort forventningar til student, praksisverksemd og læreinstitusjon. Midtvegs i praksisperioden vil det bli avhalde eit obligatorisk seminar.
Praksis vil bli gjennomført i starten av vårsemesteret, derfor må praksisplass formelt vera i orden ved utgangen av våren, 3. semester.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten skal
- tileigne seg kunnskapar om bruk av teori og metode gjennom praktisk arbeid i ei verksemd
- tileigne seg kunnskap om samanheng mellom forskjellige fag i studiet og korleis dei kan nyttast i ei verksemd
- innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar
Ferdigheitar:
Studenten skal
- vere i stand til å utføre arbeidsoppgåve innan praksisområde
- lære å nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan det valte praksisområde
- finne fram og nytte litteratur som er relevant for utøving av praksisområde
Generell kompetanse:
Studenten har
- utvida innsikt i det økonomisk/administrative fagområde og i krav og spelereglar i arbeidslivet
- evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utanfor verksemda
- evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
- innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I praksisperioden skal studenten delta aktivt med avtalte arbeidsoppgåve og samarbeide med praksisrettleiar og andre i verksemda. Studenten skal gjennom praksisperioden legge grunnlag for utarbeiding av praksisrapport gjennom notat/logg/dokument frå bedrift. Studenten må sette seg inn i relevant litteratur og nytte dette i praksisperioden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal ha fullført følgjande arbeidskrav:
- Deltaking på oppstartseminar, munnleg framlegg om forventningar til praksis (godkjent /ikkje godkjent)
- Praksisperiode - 120 timar (godkjent / ikkje godkjent)
- Deltaking på seminar, innlevering og munnleg framføring av presentasjon (godkjent /ikkje godkjent)
Vurderingsform
Oppgåve: Skriftleg praksisrapport (4 000 ord)
Vurdering: Greidd / ikkje greidd
Ved resultatet ikkje greidd får kandidaten høve til å forbetre eksisterande praksisrapport.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skriftelege hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel