BARN140 Bruk av aktivitetar i miljøterapeutisk arbeid
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I emnet vert studenten introdusert for miljøterapi som omgrep og arbeidsform og korleis nytte dette i arbeid med utsette barn og unge. Studentane vert vidare presentert for korleis ein arbeider førebyggande på individ, gruppe og samfunnsnivå i barnevernet. Undervisning i aktivitetsfaga er tilpassa bruk av aktivitetar saman med born og unge i barnehage og skule som oppvekstarena. Emnet er førebuande til praksis i emnet BARNP1 Praksis i miljøterapeutisk arbeid i barnehage og skule.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om ulike pedagogiske metodar og tiltak i miljøterapeutisk arbeid og utviklingsstøttande omsorg.
- har kunnskap om korleis forstå miljøterapi i barnevernet, og korleis bruke aktivitetsfag i miljøterapeutisk arbeid.
- har kunnskap om førebyggande arbeid på ulike nivå med utgangspunkt i barnet sitt beste.
- har kunnskap om ungdom, marginalisering og sosial eksklusjon.
- har kjennskap til fagdebattar forsking og utviklingsarbeid med relevans for sosialpedagogisk arbeid med barn og unge.
Ferdigheit: Studenten...
- kan nytte fleirfagleg kunnskap til å vurdere barns beste i miljøterapeutisk arbeid.
- kan planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar med barn og unge som fremjar, leik, læring, inkludering, meistring og deltaking.
Generell kompetanse: Studenten...
- kan legge til rette for aktivitetar for barn og unge, og grunngje skriftleg og munnleg bruken av aktivitet i ein miljøterapeutisk samanheng.
- har innsikt i førebyggande barnevern og miljøterapi som metode i barnevernsfagleg arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
- BARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
- BARN110 Danning og akademisk handverk
- BARN120: Barnevernet i velferdsstaten
- BARN130: Barn og unges oppvekst og utvikling
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper og praktiske aktivitetar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til aktivitetsfaga
Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester
Vurderingsform
Eksamen Munnleg eksamen i grupper.
Vurderingsuttrykk Bestått/ikkje bestått
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-311 - Utvikling av positive læringsmiljø - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng