Hopp til innhald

BARN510 Barnesjukepleie som fag, profesjon og organisasjon

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar barnesjukepleia sine funksjons- og ansvarsområde, yrkesutøving, inkludert tverrfaglegsamarbeid, organisering av helsetenester og samfunn. Emnet legg vekt på barnesjukepleia sittansvarsområde knytt til barn som er fødd for tidleg, barn med medfødde eller erverva nedsettefunksjonar, langvarig sjuke, akutt og/eller kritisk sjuke barn og unge, og barn som er i ein sårbar situasjonpå grunn av sjukdom. Emnet legg også vekt på at ansvaret omfattar omsorgspersonar og søsken. Emneter bygd opp kring at kultur, pasientrettar, relevant kunnskap og kompetansar dannar grunnlag forhaldningar, likeverdig, etisk, fagleg forsvarleg og trygg barnesjukepleie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• har kunnskap om barnesjukepleie som fag, og barnesjukepleier sin funksjon og ansvar i helsevesenet og samfunn

• har inngåande kunnskap om helsefremjande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande perspektiv

• kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

• har inngåande kunnskap om samanhengen mellom sosiale vilkår, språkleg og kulturell bakgrunn, helse, sjukdom og behandling hos barn i alle aldra

• har avansert kunnskap om kjønnsidentitet, seksualitet, minoritetar, etnisitet og kultur i møte med sjuke barn i alle aldra og deira familie

• har inngåande kunnskap om helse- og omsorgstenesta si organisering, rammer og relevant lovverk, herunder også barn som pårørande

• har inngåande kunnskap om heilskapleg pasientforløp som gir trygge, verknadsfull og samordna tenester med god ressursutnytting på tvers av tenestestader og nivå

• har inngåande kunnskap om målgruppa sin juridiske posisjon, og rettar i kontakt med helsetenesta, herunder kunnskap om samiske barn sine rettar som urfolksbarn

• kan anvende relevante kunnskapar og har kompetanse som kan fremme haldningar og danne grunnlag for likeverdige helse- og omsorgstenester for målgruppa i samfunnet

• har inngåande kunnskap om modeller, risikovurdering og verktøy for vurdering av pasientsikkerheit og kvalitet• har inngåande kunnskap om viktigheita av språk- og kulturkompetanse, for å bidra til økt kvalitet og pasientsikkerheit, i utøvinga av barnesjukepleie

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan anvende relevante kunnskapar og ferdigheiter for å leie, planlegge og koordinere behandlingsforløp, og kan sikre gode pasientovergangar mellom ulike nivå og tenester

• kan bruke relevante metodar for å sjølvstendig vurdere målgruppa sitt behov og iverksette tiltak i forbindelse med sjukdomsforløp

• kan anvende relevant kunnskap for å kommunisere og samhandle i det tverrfaglege teamet ved behandling av akutt og kritisk sjuke og skadde barn i alle aldra

• kan analysere og forhalde seg kritisk til forskings-, brukar- og erfaringskunnskap for å medverke til utvikling av tenesta

Generell kompetanse:

Studenten…

• har inngåande kunnskap om barnesjukepleiaren sin funksjon, rolle og ansvar

• kan analysere, vurdere og handtere komplekse og kritiske situasjonar i samsvar med helselovgiving

• kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder, kan bruke pedagogiske prinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar og kollegaer og leie fagleg utvikling av barnesjukepleiarfaget

• kan anvende relevante kunnskapar og har kompetanse som kan fremme haldningar og danne grunnlag for likeverdige helse- og omsorgstenester for målgruppa i samfunnet

• kan analysere og ha eit kritisk forhold til kunnskapsbasert praksis for å kunne medverke til utvikling av tenesta.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med forelesningar, ei veke praksisstudium,gruppearbeid, digitale læringsformer framlegg, og skriftleg innlevering.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg tileksamen.

1. Ei veke praksisstudium

2. Skriftleg rapport på inntil 1500 ord med framlegg for medstudentar og lærar

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to av dei påfølgande semestera.

Vurderingsform

Oppgåve i gruppe

Gruppe på 2-3 studentar og dei får utlevert oppgåve ved oppstart av emnet.

Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til ei felles oppgåve. Karakteren på oppgåva skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for ei felles oppgåve skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Omfang: Inntil 2500 ord.

Vurderingsuttrykk:

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen:

Dersom minst ein student har gyldig fråvær eller minst ei av gruppene ikkje består eksamen, blir ny eksamen arrangert. Bestått gruppeeksamen kan ikkje forbetrast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel