BARN512 Samhandling, fagleiing, kunnskapsbasert praksis og helsepedagogikk i barnesjukepleia
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om kommunikasjon og samhandling med barn og omsorgspersonar i ulike situasjonar, samt kompetanse for å rettleie og undervise om barnet sin helsetilstand. Vidare leggemnet vekt på metodar for fagutvikling, kvalitetsarbeid og bidrag til nytenking/ innovasjon. Emnevektlegg fagleg leiing og koordinering av barnesjukepleie, planlegging av pasientforløp og overgangar mellom tenestenivå.
Læringsutbytte
Ein student med emneskal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter oggenerell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har avansert kunnskap om kommunikasjonsteknikkar med barn i alle aldrar
- har avansert kunnskap om konsekvensar av, og alternativ til bruk av tvang
- har inngåande kunnskap om helsepedagogikk som grunnlag for inkludering, deltaking iavgjerder og samval hos målgruppa
- har avansert kunnskap om betydinga av helsekompetansen til barn i alle aldrar og deirapårørande
- har inngåande kunnskap om fagleg leiing, organisering, ressursbruk, prioriteringar og berekraftkan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område, kan bruke pedagogiskeprinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar og kollegaer og leie faglegutvikling av barnesjukepleiarfaget
- har inngåande kunnskap om metodar innan rettleiing og undervisning av studentar og kollegaer.
- har inngåande kunnskap om viktigheita av språk- og kulturkompetanse, for å bidra til aukakvalitet og pasientsikkerheit i utøving av barnesjukepleie
- har inngåande kunnskap om kunnskapsbasert praksis og kvalitetsarbeid innan barnesjukepleie
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan bruke relevante metodar for kommunikasjon, tilrettelegging av samspel, involvering og samhandling med barn og familien deira med utgangspunkt i tilstand, alder og utviklingstrinn
- kan bruke relevante metodar til å informere, rettleie og undervise barn i alle aldrar ogfamilien deira i aktuelle problemstillingar
- kan analysere målgruppa sin helsekompetanse for å fremme brukar medverknad og tilpassa tenester
- kan bruke relevante metodar for å bygge tillit og tryggleik hos barn i alle aldrar og unngå tvang
- kan sjølvstendig planlegge, administrere, leie og utøve barnesjukepleie i samsvar medlover, forskrifter, retningslinjer og rammevilkår
- kan bruke pedagogiske prinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar og kollegaer
- kan anvende relevante kunnskapar og ferdigheiter for å leie, planlegge og koordinerebehandlingsforløp, og kan sikre gode pasient overgangar mellom ulike nivå og tenester
- kan bruke relevante metodar for å sjølvstendig vurdere målgruppa sitt behov og iverksettetiltak i forbindelse med sjukdomsforlaupet
- kan analysere uønskte hendingar og bidra til systematisk læring for å ivareta kvalitet ogpasientsikkerheit
- kan analysere og ha eit kritisk forhold til nytte og betydning av nytenking og innovasjonkan analysere og vurdere tilgjengelege ressursar og prioritere tiltak for å optimaliserekvaliteten i pasientbehandlinga
- kan analysere og bruke teori og metodar til å formulere og strukturere faglege ogteoretiske problemstillingar
- kan analysere og ha eit kritisk forhold til forskings-, brukar- og erfaringskunnskap for å medverke til utvikling av tenesta
- kan identifisere faglege problemstillingar og avklare behov for forsking og kvalitetsarbeid
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan kommunisere og samhandle med respekt for målgruppa sin integritet, ressursar og opplevingar
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder, kan bruke pedagogiskeprinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar og kollegaer og leie faglegutvikling av barnesjukepleiarfaget
- kan bidra til fagleg forsvarleg helse- og omsorgsteneste, kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit
- kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar i klinisk praksis
- kan analysere, konkludere og formidle faglege problemstillingar innanfor barnesjukepleie
- kan formidle og kommunisere om forskingsbasert kunnskap i møte med pasientar, pårørande, helsepersonell og allmennheten
- kan analysere og kritisk vurdere kunnskapsbasert praksis for å kunne medverke til utviklingav tenesta
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bestått emne: BARN510 - Barnesjukepleie som fag profesjon og organisasjon, BARN510 - Barnesjukepleie som fag profesjon og organisasjon. BARN511 - Fysiologi, patofysiologi, farmakologi og barnemedisin i barnesjukepleia
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med førelesingar, digitale læringsformer og ei veke praksisstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Gruppearbeid
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to dei påfølgande semestera.
Vurderingsform
Heimeeksamen 1 veke fredag-fredag
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel