Hopp til innhald

BARNP513 Pasientsikkerheit, teknologi, og digital kompetanse i utøvande barnesjukepleia

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar fagutøving som krev samarbeid med brukar/pasient, pårørande og andre aktuelle yrkesgrupper med tanke på eit samanhengande tenestetilbod. Emnet legg vekt på korleis rammefaktorar kan verke inn på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Emnet omhandlar planlegging, kvalitetssikring, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid. Vidare blir det lagd vektpå kunnskap, haldningar og verdiar som sørger for at brukarar / pasientar får fagleg forsvarleg pleie og behandling, og at etiske og juridiske forhold blir ivaretatt. Samhandling og kommunikasjon med omsorgspersonar og det sjuke barnet ved undersøkingar og behandling blir vektlagt spesielt.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiterog generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har kunnskap og forståing for å hjelpe barn og deira pårørande til å mogne og meistreopplevingar og erfaringar som følge av sjukdom og sjukehusinnlegging
  • har kunnskap om førebuing av barn og unge til undersøkingar, prosedyrer og behandling
  • kan samhandle med barn og unge på deira premiss
  • kjenner til handlingsalternativ ved omsorgsvikt eller barnemishandling
  • har kunnskap om barn sine opplevingar, reaksjonar og behov ved akutt, kritisk og eller kronisksjukdom i eit fleirkulturelt perspektiv

Ferdigheiter:

Studenten …

  • kan meistre komplekse situasjonar innan barnesjukepleie og tilpassar sjukepleie til barnet sinespesielle behov, både til barn som blir akutt sjuke og barn med kronisk sjukdom og funksjonshemming
  • kan stimulere til at barnet får dekka sitt behov for leik og samvær med venner tilpassa barnet sin alder og utvikling
  • kan observere, vurdere og dokumentere barnet sin tilstand og endringar i tilstanden hos nyfødde barn, barn som er akutt sjuke og barn som lever med ein kronisk sjukdom
  • kan identifisere etiske dilemma og vurdere handlingsalternativ som er knytt til alvorleg sjukdom og død, samt pasientar med kronisk sjukdom
  • kan under rettleiing ta ansvar for, iverksette og evaluere relevante tiltak i utøvinga av heilskapleg sjukepleie til barn
  • kan planlegge og administrere eige arbeid
  • kan ta initiativ til og reflektere over kunnskap om smitteførebygging og anvende hygieniske prinsipp
  • kan saman med rettleiar gi pasient og pårørande tilpassa informasjon

Generell kompetanse:

Studenten …

  • kan planlegge og utøve sjukepleie til barn basert på kritisk vurdering av forsking, erfaringskunnskap og pasienten sine preferansar og behov
  • kan gjere sjølvstendige kliniske vurderingar om sjukepleietiltak både med omsyn til undersøking, førebygging, og behandling
  • kan gjere sjølvstendig kliniske vurderingar der brukaren sitt/pasienten sitt sjukepleietilbod sjåast i ein tverrfagleg samanheng og på tvers av tenestenivåa
  • kan samhandle med pasientar/brukarar i ulike aldersgrupper, deiras pårørande og andreyrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av tiltak i helsetenesta
  • kan bidra til innsikt og kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at pasientensitt/brukaren sitt sjukepleietilbod blir samanhengande på tvers av tenestestader og nivå
  • kan rettleie sjuke barn, deira pårørande og andre yrkesgrupper
  • kan styrke tverrfagleg samarbeid i og utanfor institusjonen
  • kan dokumentere, evaluere og kvalitetssikre eige arbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bestått emne BARN510 - Barnesjukepleie som fag profesjon og organisasjon og BARN511 - Fysiologi, patofysiologi, farmakologi og barnemedisin i barnesjukepleia

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på pasientsikkerheit, teknologi, digital kompetanse. Dagleg rettleiing frå i hovudregel ein barnesjukepleiar som bør ha rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar. Framstilling av litteraturgrunnlaget for ei gittproblemstilling med relevans for utøving av barnesjukepleie.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ein midtvurderingssamtale og ein sluttvurderingssamtale.
  2. Deltaking i klinikksamlingar

Vurderingsform

Deleksamen: Vurderinga er todelt og begge delar må vere bestått for å bestå emnet.

Vurdering består av to delar:

  • Del 1. Praksisstudium 
  • Del 2. Individuell skriftleg oppgåve. To studentar kan samarbeide om felles oppgåve, max 750 ord

Vurderingsuttrykk

Bestått/ikkje bestått

Ny eksamen

  • Ved ikkje bestått praksis, del 1, må heile praksisperioden gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.
  • Ved ikkje bestått oppgåve, del 2, må studenten skrive ei ny oppgåve til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel