Hopp til innhald

BIDR104 Idrett og aktivitetslære 1

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje ei grunnleggande opplæring i eit utval idrettar og bevegelsesaktivitetar. Med utgangspunkt i ulike lagidrettar, individuelle idrettar og andre bevegelsesformer skal studenten utvikle praktiske ferdigheiter, eigen kroppsleg erfaring og tileigne seg teoretisk kunnskap. Dette skal vidare gje grunnlag for å styrke ferdigheiter i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av aktivitet for grupper på ulike ferdigheitsnivå og med ulike føresetnadar. Aktiviteten skal og gi ei forståing av fysisk aktivitet sin betydning for vår helsetilstand gjennom livsløpet. For studentar som ynskjer trenarsertifisering i utvalte idrettar (eks. fotball og klatring) må ekstra arbeidsoppgåver påreknast. Grasrottrenar i Norges fotballforbund (NFF) sin trenarstige blir godkjent etter gjennomført emne og tilpassa praksis.

Emnet blir organisert som emnekurs med lærarstyrt og studentstyrt undervisning og eigenaktivitet. Emnet strekker seg over to semester og dei ulike kursa vil variere i omfang. Hovudfokuset i kurset vil være på individuelt nivå m.h.t. ferdigheitslæring og forståing av idrettane/aktivitetane. Det blir gjennomført punktpraksis i aktivitetsleiing innan idrett eller skule med omfang 20 timar fordelt over begge semester. Faglærar saman med student finn eigna praksisplass i nærleiken av campus. Veiledning og oppfølging blir gjort av praksisrettleiar i samarbeid med faglærar. Praksis for fotballstudentar blir gjennomført på klubbnivå. Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs og paraidrettskurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om eit utval idrettar og bevegelsesaktivitetar
  • kan erfare og reflektere over eigen ferdigheitslæring og tilrettelegging for andre i utvalde idrettar
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innafor fagområdet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan øve på og syne sentrale ferdigheiter i aktivitetane
  • kan reflektere over eiga utøving og justere denne under rettleiing
  • kan reflektere over kva tilnærming som fungerer godt i høve ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar
  • kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå i undervisning og praksisgjennomføring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta i samhandling med andre og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
  • kan forklare, observere, analysere og vurdere tekniske, taktiske og didaktiske element i aktivitetane
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid
  • kan gjennomføre livredning i, ved og på vann ute i naturen og gi livreddende førstehjelp, inkludert hjarte- og lungeredning (HLR)
  • kan drive variert aktivitet for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing
  • kan reflektere over nasjonale og internasjonale utviklingstrendar innan idrettane

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk undervisning, der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. I einskilde kurs er det òg teoretiske timar og førelesingar. Gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår og som ein viktig del av emnet. Det blir gjennomført punktpraksis i aktivitetsleiing innan idrett eller skule som del av emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking i obligatorisk undervisning skal gje studenten kunnskap om og refleksjon over aktiviteten og kunne samhandle med andre
  • Punktpraksis innan idretten eller skulen (20 t) skal gje studenten erfaring i å planlegge, organisere, tilrettelegge og rettleie på ulike ferdigheitsnivå
  • Praksisrapport basert på planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetsopplegg
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av trening i undervisning og eigentrening, og som blir loggført i treningsdagbok
  • Aktiv deltaking i kursa barneidrettstrenaren og tilrettelegging paraidrett frå NIF
  • Praktisk prøve i livberging i vatn i kombinasjon med HLR

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel